Familien Standal Tulu

Etiopisk og norsk i Hjørundfjorden

Vi vart først kjent med henne på leirar og i KRASP. No har Mari Standal blitt velsigna med ein etiopisk mann som snakkar norsk, og to fine jenter. Etternamnet har blitt til Standal Tulu og ho har fått erfaring som lærar for misjonærborn i Etiopia,

Over 11 år har gått sidan Mari gjorde seg klar til si første «utreise».  Då skulle ho til Mongolia som eittåring og ta seg av borna til NLM sine utsendingar.  Tilbake i Norge går ho lærarhøgskule og stiller seg så igjen til disposisjon for misjonen.  Dermed blir Mari lærar ved Den desentraliserte norske skulen (DDNS) i Hawassa i Etiopia.  

Og så møter Mari mannen sin i Etiopia.  Det «gudfeldige» er at Fikre tidlegare har jobba i Norge (mellom anna med bygging av kjøpesenter på Moa, Ålesund) – og snakkar flytande norsk! Dei gifter seg i Etiopia. I 2018 er Mari heime til Norge ein tur og Johanna kjem til verda.  No er alle tilbake i Norge og har feira jul her.  29. desember vart vesle Naomi fødd.  Vi gratulerer!

Etter at utsendingane kom tilbake til Etiopia i haust, kom DDNS i gang igjen i byen der Mari har arbeidd siste tida, sjølv om skulestart vart litt forsinka. – Eg har hatt frå 3 til 6 elevar i den tida vi har vore der, seier Mari.  Ein erfaren utsending og lærar har no teke over ansvaret for skulen.

Vi lurer på om pandemien pregar livet der Mari og familien har budd?  – Mitt inntrykk er at folk ikkje er så opptekne av korona i Etiopia, svarar Mari,    – og livet gjekk faktisk omtrent som normalt der vi budde. Fikre vart smitta, men blei i grunnen ikkje sjuk.

Fikre har vore engasjert i barne- og ungdomsarbeid, knytta til Mekane Yesus – kyrkja i byen og lønna av NLM. Han jobbar no med å fullføre bachelor i missiologi, som fjernstudent (Ytre Standal er nokså fjernt frå Tabor Evangelical College i Etiopia!). Fikre er ein mann som kan spele på mange strenger. Han har no gått inn i jobben som geitebonde!  Svigerfar Kjetil hadde god bruk for avlastning.  Og han får heilt sikkert brukt språkkunnskapane sine, sidan geiter forstår alle språk.  Fikre beherskar to etiopiske språk, amharisk og orominja, pluss engelsk – og altså norsk.

Foreldra til Mari har sørga for gode buforhold for ungefolket.  Dei kjøpte eit gamalt nabohus og renoverte det til bruk for utleige.  Dette stod difor klart så familen Standal Tulu kunne flytte rett inn, under høge fjell i Hjørundfjorden.

Har de kome til Norge for godt? lurer vi på.  – Vi ser kanskje for oss 3-4 år i Norge, svarar Mari. Og så legg ho til nokre ord som fortel oss at 30-åringen framleis er open for Guds plan: – Men det er no ikkje vi som bestemmer det…