Digitalt møte Lauvsnes

Det vart misjonsmøte på Lauvsnes

I desse dager er det mange møter som blir avlyst, og lenge såg det ut som det kunne skje med misjonsmøta som var planlagt på Lauvsnes også.

Planen var at Åshild Sørhus og Margrete Klokkehaug skulle vere med på eit par møter på Lauvsnes i Flatanger.  Etter litt planlegging enda det med digitalt misjonsmøte på Teams!

Deltok frå si eiga stove

Åshild Sørhus hadde tale og misjonsinnslag med bilder frå Mongolia og ho spelte gitar og sang fra heimen sin i Stjørdal. Margrete Klokkehaug leda møtet frå stova si i Namsos. Møtedeltakerne sat heime i stovene sine i Flatanger og Skogn. I tillegg var det også nokre møtedeltakere samla i ein heim.

Dette kan vi gjere fleire ganger

Leder i Lauvsnes Misjonsforening Snorre Kristiansen, ønska velkommen til møtet, og takka for møtet etterpå. Han sa også at dette kan vi gjere fleire ganger. Sjølv om vi sit bak ei datamaskin, så kan det nesten følast som at vi treff kvarandre.