Pastor Samuel i kyrkja "Nytt liv", Potosi

-Eg ynskjer å halde fast på Guds ord

Samuel Calero Vargas frå Bolivia er i sitt fyrste pastorkall i den Kristne evangeliske lutherske kyrkja (ICEL) i Bolivia. Han starta mars 2020 som pastor i den spansktalande kyrkja "Nytt liv" i Potosi. Vi tok ein prat med Samuel.

− Kvar har du studert?

− Dei fyrste 3 åra studerte eg på Concordia-seminaret i Argentina, før eg var i Bolivia og hadde online kurs samtidig som eg hadde noko praksis i dei tre kyrkjelydane i Cochabamba. Det siste studieåret var på Missouri-synoden sitt Reformador-seminar i den Dominikanske republikk. Studiane var veldig viktige for meg, og eg brukar det eg har lært.  

 

− Korleis er det å vere pastor i ICEL?

− Då eg var ung, tenkte eg at å vere pastor måtte då vere ganske enkelt, men det er ikkje så enkelt å forstå korleis ein person er skrudd saman. Og vi bolivianarar og kulturen, og ikkje minst dei i Potosi, dei går veldig «rundt grauten», men etter tre-fire vitjingar/samtalar kan ein kome innpå personen. Spør du korleis dei har det, så får ein som svar at det står godt til, i alle fall slik reint fysisk. Som pastor ynskjer eg å kome inn på dei åndelege sidene av livet og snakke om det.

− Gud ropte på Adam etter syndefallet: Kvar er du? Er dei sjuke, vil dei gjerne at ein ber for dei. Om syndene sine, og at enkelte lever i synd, der er det vanskeleg å kome innpå den enkelte, det er ting dei skjuler i det lengste og vil nødig at pastoren skal verte involvert. Men eg er ikkje politi, eg er pastor. Kanskje dei trur at pastoren sladrar, men det skal eg jo ikkje gjere.

  

Pastor Samuel
Pastor i ICEL:Samuel Calero Vargas, aktuell som pastor i "Nytt liv", Potosi. Samuel Calero Vargas

 

Påverka av katolisismen

− På det teologiske planet er det mange som er superpåverka av katolisismen. Ofte er det enklare å snakke med katolikkar, men dei har ikkje same nærleik til Guds ord. Les eg noko frå Bibelen, så seier dei kanskje: Står det verkeleg slik? Eg ynskjer å stå fast på Guds ord, preike og undervise.

− Eg er involvert i alt i kyrkja, og ut på kvelden er eg trøtt, men det er ein trøttleik som er god og tilfredsstillande, forklarar Samuel.

Elles fortel han at det er mykje å ordne opp i når det gjeld kyrkjeregistera når det gjeld døypte, konfirmerte, opptak av medlemar og aktualisering av medlemsregisteret, noko som har vore forsømd ein del år.

 

Styrking av familiar

Samuel er involvert i mykje, også i prosjektet ICEL driv for styrking av familien for eit liv utan vold, og meir kjem han til å verte involvert i dette. Vi ynskjer jo at kyrkjene skal få eigarskap til dette prosjektet, slik at det kan fortsetje når prosjektperioden er over.

Vi ynskjer Pastor Samuel Guds signing i tenesta i Potosi, at Gud må gje styrke og kraft til å fortsetje i tenesta han har vorten tildelt.