Salg fra partytelt

Julemesse i partytelt

Med maks 50 stk måtte dei tenke nytt når julemessa i Ørsta skulle arrangerast

Då det vart klart at koronatrusselen ville tvinge den tradisjonsrike julemessa i Ørsta 14. november ut av bedehuset, måtte det nytenking til. Svaret blei ei slags «drive in-løysing» på den store parkeringsplassen ved NLM gjenbruk.

Varene som skulle seljast, vart plasserte på bord i ytterkanten av eit stort party-telt. Kvar kunde blei registrert med namn og telefonnummer, og så var det klart for ein handlerunde rundt teltet.

På dei fyrste borda fann ein lefser, kransekaker, flatbrød, julekaker og fersk gjærbakst med meir. Etter å ha hamstra der, kom ein til eit bord der ein kunne kjøpe kristen litteratur, og til ei avdeling med strikkevarer og anna kreativt handarbeid. Lotteriet, som hadde mange fine gevinstar, gjekk også godt.   

Det måtte bli ei julemesse utan kafeteria og møteopplegg, men folk fekk sjå kvarandre og handle. Talet på dei som var innom, enda på 120–130. Det førebelse resultatet til Misjonssambandet vart 93 000 kroner. Dette er om lag 40 000 mindre enn i eit normalår, men ein stor del av nedgangen vil bli kompensert av det offentlege, er det sagt.

Stor innsats og arbeidsglede, godt vêr og fint resultat!