Feigumfossen i Luster 218 m fritt fall

Gutta på tur

Denne hausten har opplegget vore litt annleis for fleire av forkynnarane i Regionen. I nokre veker har dei blitt «utleigde» til Nlm Norge og såleis fått eit mykje større geografisk område å boltre seg på. Nye stadar, nye folk og kanskje nye skikkar

Lars Kjetil Emblem fekk reise til Region Øst og var sikkert uroleg for lite klippfisk og tørt klima. Men korleis gjekk det? «Jau, det vart samlingar på begge sider av Oslofjorden, to bibelhelger og nokre enkeltmøter. Det var lyttande og takksame tilhøyrarar,» seier Lars. «Men eg la merke til at dei ikkje var så opptekne av forsamlingsbygging som vi er her i vår region.»

Steinar Dimmen var ei veke i Trøndelag, Åfjorden, og to veker i Ryfylke. «Det var givande, kjekt å treffe å nye folk og eg fekk god respons på forkynninga. Passeleg med tre veker borte. Ei god oppleving og til inspirasjon i tenesta.»

Lars Petter Ødegård tok turen til Lundaneset VGS i Ølensvåg. «Det var veldig inspirerande, -  ungdom som hungra etter Guds ord. Meir enn hundre på møta pluss at det vart streama internt til dei som ikkje fekk plass i møtesalen. Så vart det møter på Åkrahamn. Kjekt å høyre om vekkjinga der for nokre år  sidan og korleis det opplevdes. Slikt er nye og nyttige ting for meg å høyre om.  Elles var det fint å vere saman med ein bibelskulestudent frå Fjellheim. Kan også nemne at eg fekk eg vere med på «bedehussafari» på Karmøy. Der er verkeleg mange ulike forsamlingar i det området!»

Ole Os fartar ein god del og har hatt mange besøk på internatskulane våre. Denne hausten gjekk turen til Tryggheim Nærbø. «Ein fest, - med mange ungdommar som hadde behov for å kome saman om Guds Ord. Så har eg vore ei veke i Haugesund. Der er det litt spesielt og spennande med forsamling og skule i same hus, KVH- Kristen vidaregåande Haugaland.  Utfordringa deira er å få til ei god kobling mellom skulen og forsamlinga. Elles opplever eg det lærerikt og vitaliserande å få kome på nye plassar og få nye vener.»

Oscar Nordbø reiste sørover til Sogn. Der var det to møteveker i Gaupne, kommunesenteret i Luster. Gaupne er ikkje nokon stor stad, men det kom fleire frå dei kringliggande bygdene. Det var tydelegvis ikkje noko problem å køyre nokre mil for å samlast til møte. «Og møtekondisen var imponerande» seier Oscar. Han frykta at folk ville bli lei av å høyre same talaren kveld etter kveld. (Det kan no hende skjedde også, men ingen sa noko om det.) «Men uansett skjer noko når Guds folk samlast, for der har Jesus lova vere til stades ved sin Heilage Ande.» For Oscar var det gode oppmøtet, frå vel 30 deltakarar til over 80, ei positiv overrasking. «Naturen rundt Sognefjorden er utruleg flott og det var veldig kjekt å få bli litt kjend med syskjen i trua i Luster».