Marsipankake

Flott medarbeiderfest på Vestheim

Laurdag, siste dagen i oktober, hadde regionsstyret invitert til medarbeidarfest på Vestheim. Først ein seminardel etterfølgd av fest med godt program.

Tidlegare år har regionen om hausten hatt ein fagdag for tilsette- og frivillige forkynnarar. Seinare, før jul, har det vore festdag for medarbeidarar. Begge desse samlingane har hatt minkande oppslutning. I år vart desse slegne saman, og det med godt frammøte midt i koronatida. Ca. seksti personar var samla frå eit vidt spekter av lønna og friviljuge tenester i regionen vår. Alle plasserte på faste sitjeplassar rundt småbord med god smittevernavstand.

Forsamling
Jon Ove Holen

Dagen starta med seminar.  Lamessa Endalew var invitert til å vere saman med oss. Han er sjølv frå Etiopia, og har saman med familien sin vore misjonær der i fleire år. No arbeider han som regionleiar ved hovudkontoret til NLM, med ansvar for arbeidet i Etiopia og Aust-Afrika. Temaet hans var «arbeid mellom muslimar/innvandrararbeid.» Han delte av eigne erfaringar, og kom med nyttige tips og impulsar til korleis få kontakt med innvandrar, og korleis kunne samtale med dei om tru. Det vart også gjeve tid til samtale rundt borda, der vi fekk dele tankar og erfaringar med kvarandre.

Servering
Jon Ove Holen

Festen etterpå vart leia med stø hand av Geir Henning Tunheim. Her var mykje godt program med både skjemt og alvor. Etiopisk middag med injera og wått, etterfølgd av gode kaker. Lamessa tok oss med til misjonsarbeidet i Etiopia og Aust-Afrika, der vi fekk møte misjonærane våre og alle prosjekta og arbeidet dei står i. Vi fekk videohelsing frå Japan, og fleire i forsamlinga fekk dele frå arbeidet dei er med på i regionen vår. Og vi fekk lytte til god song frå Elise Nordstrand Ulriksen og Margareth Engås. Alt til oppbygging og glede.

Takk til alle som var med på å lage i stand denne gode samlinga!