Småkaker

Kreativt messe-alternativ i Syvde

Julemessa i Syvde har gått sikkert som klokka i 43 år. Men denne hausten måtte tiltaket avlysast av pandemiomsyn.

Det ville blitt for trongt i lokalet, var komiteen redd. Men dei ansvarlege visste råd. Marit Nordal fortel at det blei teke kontakt med lokalavisa Synste Møre og spurt om dei kunne lage ei sak på dette. I tillegg fekk dei ordna det slik at alle som ville støtte den saka julemessa har samla inn pengar til, kunne sende gåver via eit Vipps- eller kontonummer.

Synste Møre skreiv om den lange tradisjonen som no dessverre måtte brytast. Dei skreiv om lefsene, kakene og handarbeidet, som har gjeve god inntekt til Misjonssambandet gjennom så mange år, men som ikkje kunne leverast til jula 2020. I tillegg opplyste artikkelen om ein annonse med nærare informasjon om korleis ein kunne støtte misjonen på ein alternativ måte.

Per 17. november ser det ut til å ha kome inn 20 000 kroner gjennom dette kreative reserveopplegget.