Her blir det taco

Liv på Vestheim

I over seksti år har Vestheim vore ein leirstad med hovudvekt på leir og andre arrangement i kretsen/regionen.

Vi har tatt imot andre arrangement som for eksempel konfirmasjon, bryllaup og minnesamvær. Men no har Vestheim i snart tre år også fungert som forsamlingshus for mykje av det kristne arbeidet på Vestnes.

To veker i oktober
Veke 41  har i fleire år vore roleg på Vestheim, men ikkje i år.  Forsamlinga tok sjansen på møteveke med Ole Os i haustferieveka.  Så kom spørsmålet om Familiebibelskulen i Kenya 2019 (Teft) kunne ha (mimre)samling same veka.
Det gjekk godt med møteveke oppe i «Stjernerommet» og fulle hus med familieleir nede. Det var fullt liv tidleg og seint. Laurdag kl 11 hadde vi felles samling i møtesalen. Søndag kl 11 inntok misjonsforsamlinga hovudsalen med «God søndag».

Veke 42 starta med «Bibel og bøn» nede i dagligstua og Vestheimstyremøte oppe. Frå august 2019 har pensjonistlaget på Vestnes hatt møta sine på Vestheim. Onsdag 14.oktober starta dei opp att etter ein lang Koronapause. Samtidig hadde KrF Møre&Romsdal møte i Stjernerommet. Begge møta fekk servert kjøtsuppe etterfølgd av kaffi og eplekake. Torsdagane samlast ein fin flokk tenåringar til bibelgruppe, aktivitet og kveldsmat. Dette er ei aldersgruppe det er viktig å ta vare på.
Veka avslutta med sjelesorgkurs frå fredag til søndag. «Helhet gjennom Kristus» samla tjuefem vaksne til ei flott helg.

I dag er det mondag 19.oktober, møtedag for barnelaget Ving og starten på ei ny veke. Utanom tysdag er det også denne veka samlingar kvar dag i ei veke som toppar seg med leir for 5.-7.klasse.
Jammen er det godt vi har Vestheim!