Arnøy dagsleir høstpynt

Kjekt på Dagsleir!

Dagsleiren på Arnøya var en stor suksess.

25 Barn frå Arnøya-området

Bibelfortelling, fotball, pølser, is og uteaktivitet er nokre av stikkorda frå årets «Dagsleir» på Arnøy grendehus i Ytre Namdal. Det var tjuefem jenter og gutar frå fem til ti år som ankom grendehuset denne søndags formiddagen. Det var barn frå Arnøya og bygdene omkring.

Hanna Sørensen og Helene Moe som begge bur på Arnøya hadde ordna til og dekka matbord. Etter velkomst, registrering og orientering vart det litt mat før ein starta på med forskjellige aktiviteter.

Bli kjent med Jesus

Tema for denne dagen var «Bli kjent med Jesus». Så gjennom bibelfortelling og sang fekk vi bli litt betre kjent med Jesus. Etter samlingsstunda var det tid for aktiviteter ute i sola. Det var både fotballkamp, nokre kasta ball, hoppa strikk. Fint var det også å gå gjennom skogen og opp på «haugen». På tur tilbake vart det plukka mose og lyng som vart til fine kunstverk.

Ein fin haustdag

Denne fine haustdagen passa det godt med grilla pølse til middag og is til dessert. Dagsleiren vart avslutta med samling der også foreldra var invitert og barna deltok med sang. Takk for ein fin haustdag der vi vart minna om at Jesus er glad i oss!