Kaffe og muffins

Vi har venta på det

Det er mye å glede seg over - også i koronatid. Her deler områdearbeider Margrete Klokkehaug oppmuntringer fra Namsos.

«Ja, vi har venta på det,» var ein av uttalelsane i forbindelse med invitasjon og oppstart igjen av mellom anna «Torsdagskafèen» på Misjonssenteret i Namsos.

Torsdagskafè i Namsos

«Torsdagskafèen» er eit sosialt samlingspunkt på Misjonssenteret annakvar torsdag kl 1100 - 1300. Det har ikkje vore torsdagskafè siden mars på grunn av korona. Men då var det ekstra kjekt å starte opp igjen no i september.

Kafèen er open for alle, og der kan ein treffe både kjente og ukjente, og bli kjent med nye over ein kopp kaffe eller te. I haust har vi sagt at alle tar med seg kvar si matpakke som vi et ilag.

Godt å samlast igjen

Oppmuntrande er det også når det blir sagt i forbindelse med foreningsmøter og andakter, at det er godt å samlast igjen. Det er fint å merke kor takknemlege mange er for eit besøk eller ein telefonsamtale.

Det er også oppmuntrande å høyre at det er fleire som set pris på programma «God søndag» på Budstikka Radio som blir sendt kl 0902-1100 om morgonen på søndagane. Programmane kan høyrast på FM-sambandet og på Radio Trøndelag sine nettsider.