Mor

Bibellesing i kvardagen

Aslaug Dimmen er 90 år, ho bur for seg sjølv i eiga leilegheit, og klarer det meste sjølv med litt hjelp. Heile livet har ho vore ein kristen

Ho likar godt handarbeid og strikking er hennar store hobby.  Elles er det TV og aviser og besøk frå mange som ser innom henne.

«Eg les i Bibelen, eg prøver å kome gjennom Det nye testamente».

Ho er komen langt ut i rekka av breva og i dag las ho i 1. Peters brev.  «Eg har litt vanskar med å forstå alt i breva.  Dei inneheld så mange gode råd om korleis ein skal leve som kristen,  men eg forstår ikkje korleis dei klarer å få til å gjere alle desse gode tinga»

«Eg likar best å lese evangelia, eg synest eg kjenner meg igjen i mange av forteljingane der».

Ho fortel om ei dame som ho kjende godt, og som var sjuk og døden nær, ho sa det slik til dei som stelte henne: Eg har prøvd å vere ein kristen heile livet, men eg synest ikkje eg har fått det til.  «Når eg tenkjer på henne så håper eg dei sa til henne: Det er Jesus som får det til for oss, vi klarer det ikkje sjølve. «Slik opplever eg det også når eg les breva.  Det er mange gode råd om korleis ein skal leve, og eg vil så gjerne, men eg synest det er vanskeleg å få til.  Eg klarer det ikkje sjølv, eg er nøydd til å få hjelp».

«Eg hugsar så myke frå barndomen, kva klede eg hadde på meg første skuledagen.  Mor mi hadde laga eit lite forkled og brodert blomster midt framme og på lommene. Så hadde eg ein grøn genser. Og så hugsar eg læraren på barneskulen som fortalde frå Bibelen, og som alltid starta dagen med bøn.  Avslutninga på bøna var alltid den same, og det har også vorte avslutninga på mi bøn, den er slik;   tilgi oss alt som vi har sagt, gjort og tenkt som har vore imot ditt ord»  

Har du eit favorittbibelvers? «Ja det er frå Jes 41:10.  - ver ikkje redd for eg er med deg»