Illustrasjon Tryggheim hovedbygg.

Elevar kan framleis søke

Utvida hovudbygg gir plass til fleire elevar på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

Sjølv om den ordinære søknadsfristen gjekk ut 1. mars, er elevar framleis velkomne til søke Vg1, Vg2 og Vg3 studiespesialsering. Hausten 2019 utvida Tryggheim hovudbygget med 70 nye sitteplassar i matsalen, to nye klasserom og to nye grupperom. Tilbygget resulterer i at skulen kan ta imot totalt 90 elevar på kvart trinn på studiespesialisering.

Rikt fagtilbod

Av programfag skal Tryggheim tilby realfaga S-matte (1 og 2), R-matte (1 og 2), fysikk (1 og 2), kjemi (1 og 2), biologi og informasjonsteknologi. Innanfor språk, samfunnsfag og økonomi kan elevar velje internasjonal engelsk, samfunnsfagleg engelsk, rettslære (1 og 2), psykologi (1 og 2), sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi og entreprenørskap og bedriftsutvikling (1 og 2), i tillegg til breiddeidrett frå programområdet idrettsfag.

Matnyttig ettermiddagstilbod

Tryggheim tilbyr leksehjelp etter skuletid, og lokale elevar får tilbod om å kjøpe middag og ete saman med elevane som bur på internat. På ettermiddags- og kveldstid har skulen sosiale aktivitetar som både heimebuarar og internatelevar kan vere med på.

Elevar er velkomne til å søke på dei ledige plassane på studiespesialisering på Tryggheim vgs. Skulen tilbyr i tillegg utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag, elektrofag og bygg- og anleggsteknikk. Interesserte søkarar kan ta kontakt på 51 79 80 00 eller post@tryggheim.no.