Overrekkelse av russegaven

Elevar gir rekordbeløp til Mongolia

Årets innsamlingsaksjon på Tryggheim vidaregåande skule resulterte i over 1,5 millionar kroner til bistand og evangelisering i Mongolia.

Dei 50 som sat i møtesalen responderte med ellevill applaus då innsamlingssjekken blei overrekt i løpet av den digitale avslutningsfesten på Tryggheim vidaregåande skule torsdag 11. juni. Grunna Korona-restriksjonar, fylgde mange avslutningsfesten via video og fekk på den måten med seg den imponerande summen elevane på Tryggheim har samla inn. For prosjektleiar Ida Barane i russestyret var overrekkinga det store høgdepunktet.

– I løpet av året har eg sett mange bidra med både pengar og engasjement. Eg vil takke russen, elevrådet og resten av skulen som har stått på som heltar for å samle inn til prosjektet, sa Ida Barane. 

Elev- og russeprosjekt

Årets innsamlingsaksjon har vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn rekordbeløpet gjennom å halde arrangement som digitalt misjonsløp, basar og flaskeinnsamling.

Hovudstyremedlem Robert Mulelid i Norsk Luthersk Misjonssamband tok imot ein symbolsk sjekk der det stod 1.400.000 kroner, men beløpet auka til 1.500.000 kroner i løpet av dagane etter festen.

– Rundt omkring har det vore mange kreative sjeler mens skulen var stengd. Det er imponerande å sjå og legge merke til alt det flotte innsamlingsarbeidet. At misjonsløpet resulterte i om lag 900.000 kroner, er fantastisk, sa Mulelid.

Prosjektet

Innsamlingsaksjonen støttar Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i Mongolia. Dei innsamla midla skal mellom anna vere med og betre situasjonen for barn med nedsett funksjonsevne, som er ei av dei svakaste gruppene i landet. Målet er å gje eit godt og verdig liv til barna og familiane deira.

Det kristne arbeidet skjer i samarbeid med den nasjonale kyrkja. NLM støttar teologisk utdanning, evangelisering for folk som ikkje har høyrt om Jesus, leksehjelp for barn og livshjelp for ungdom. 

PS! Sidan skuleåret 2008/09 har elevane ved Tryggheim vidaregåande skule samla inn over 11,5 millionar kroner til ulike misjonsprosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjonen, Norsk Luthersk Misjonssamband.