Nybygget på Vestheim

Stillas og bygging

Etter å ha vore ein byggeplass i fleire månader, går det mot ferdigstilling på Vestheim Ungdomssenter

Sidan august i fjor har Vestheim vore ein byggeplass. Stillas har  vore sett opp og tatt ned fleire gonger etter kvart som byggeprosjektet har gått framover. Dette har vore ei ombygging som kravde ganske mykje riving i første fase. 

Mange som ikkje er så tett på leirstaden i det daglege har spurt kva det er vi byggjer på Vestheim.  Eg forklarer då etter beste evne at vi byggjer eit nytt inngangsparti som er romsleg, lyst og gjer det triveleg å komme inn dørene på Vestheim.  I tillegg blir det fem romslege og tiltalande toalett. Dei som vil høyre meir får høyre at eit kaldt og asbesthaldig golv er fjerna og at det no er lun golvvarme i heile det nyrenoverte arealet i første etasje og i den gamle peisestua som no har mist peisen og har fått namnet «Stjernerommet.»

I slutten av april vart stillaset som har lenge har dekt heile fasaden fjerna og det flotte nybygget stod med eitt fram i all sin glans.  Det står igjen litt arbeid med blant anna grusing av heile arealet framfor inngangspartiet, men elles er «nye» Vestheim klart til å ta imot folk.

Mjuk start
Etter avtaleboka skulle mai vere ein hektisk månad med mange arrangement inkludert opningsfest for nybygget.  Men grunna koronatiltaka er det lite som skjer av arrangement. Det blir eit lite antiklimaks, men vi ser framover og gleder oss til Vestheim skal fyllest med folk.

Bygge Guds rike
Sjølv om arbeidsfolka fjerna stillaset sitt for ei stund sidan, er det rett forstått framleis eit stillas som møter deg når du neste gong troppar opp på Vestheim.  Vårt oppdrag er å bygge Guds rike.  I den samanhengen er alt det vi styrer med og som vi kan ta på, sjå og høyre, som stillas å rekne.  Så er vi avhengige av at mange finn sin plass også på Vestheim og slik er med på å gjere plassen til ein ein reiskap (eit stillas) i Guds rike.