Personer med avstand

Lat oss møtast

Alt er annleis denne tida. Vi ynskjer å peike på ulike måtar å samlast. Vi kjenner på behov for å treffast og vonar det kan kome i gong litt etter litt.

Sjuande mai vart det opna opp for at vi igjen kan samlast i fellesskapa våre. Med på lasset kom ein smittevernrettleiar som kan ta motet frå mange. Når ein les seg nedover kan tankane kome snikande; skal vi berre la det vere? Vi vil gjerne tilskynde dykk å samlast. Det å møtast ansikt til ansikt, fysisk og sjå og høyre kvarandre synge, vedkjenne og vitne for kvarandre er ein av dei måtane Gud velsignar oss, og denne velsigninga treng vi og har godt av!

I denne saka vil vi gjerne peike på konkrete måtar ein kan samlast på i denne tida. Alle desse forslaga må gjennomførast innføre rammene som er gitt i smittevernsrettleiaren, den finn de lenka til nedst i saka. Ingen av oss veit kor lenge dette vil vare så lat oss ikkje sitja på gjerdet å vente.

For fellesskap som er færre enn 50 personar med god plass i lokalet krev det berre å få på plass nokre rutinar. For fellesskap som er større enn 50 personar med mange småbarnsfamiliar er dette meir krevjande og ein må gjere ekstra vurderingar på korleis ein kan treffast.

Dele- og bønemøter

Kanskje er dette den beste byrjinga? Etter lang tid vekke frå kvarandre har vi behov for å treffast. Sett opp eit enkelt program der nokre er utfordra på å dele og gi ordet er fritt for forbøn og vitnemål. 

Samling til streaming

Det er fleire streaming tilbod på nett no for tida. Dette gjer at ein enkelt kan ta del i fellesskap med andre fellesskap rundt omkring. På denne nettsida finn du det tilbodet som NLM region nordvest har med forsamlingar i regionen. Her kan ein samlast på bedehus, men no er det og opning for å samlast inntil 20 personar i heimar også, så sant det er høve til å ivareta smittevernhensyn

Vanlege møter

Regionen ynskjer gjerne å bidra med forkynnarkrefter. Om de har møter som de vil arrangere, ta kontakt så snart som råd så vil vi vere behjelpelege med talarar.

Kva er annleis?

Som i samfunnet elles er mykje annleis. Det som særleg påverkar oss når vi skal arrangere samankomstar er at vi må gjere grep for å forhindre smitte og for å legge til rette for god sporing om smitte skulle oppstå. Dette gjer at det må vere tydeleg kven som har ansvaret for samlinga. Vi må vite kven som er tilstades. Det skal være tilstrekkeleg reinhald og hygienetiltak. Vi må halde tilstrekkeleg avstand gjennom heile samlinga og vi må halde oss innføre talet på deltakarar som lokale og grensa på 50 personar tilseier.

Det gjer at vi må invitere konkrete personar. Ha påmelding eller liknande. Kanskje må vi ha to møter i staden for eit. Men om desse grepa er tatt, i tråd med smittevernsrettleiaren har vi no høve til å samlast igjen!

Her finn du smittevernrettleiaren til NLM