ørken

"Ørkenliv"

I den første tida av kyrkja si historie høyrer vi om ørkenfedrane.

Det var personar som flytta ut i ørkenen for å bu for seg sjølv.  Motiva for dette kunne vere ulike, men felles for alle var at dei ynskte å leve eit tilbaketrekt liv for å meditere og grunde på Guds ord og vilje.

Vi skal ikkje trekke samanlikninga for langt med situasjonen i dag.  Men ei viss likskap er det.   Vi kan ikkje samlast på vanleg måte til møter, gudstenester og i smågrupper. All aktivitet i form av fysiske møter er ikkje lovleg, vi er dermed overlatne til litt meir einsemd.

Heldigvis kan vi bruke digitale hjelpemiddel og  på den måten «delta på møter», og slik få åndeleg påfyll.  Dette er viktig og bra, og vi ser sjølvsagt fram til at det skal vere mogeleg å samlast att.

Men kanskje kan dette verte ei tid til å meditere og grunde over Guds ord på eiga hand, og i større grad la ettertanke over Jesu ord og mitt personlege forhold til han kome i sentrum. Denne delen av det personlege kristenlivet har tapt terreng i vår tid.  Vi treng ikkje gå heilt tilbake til ørkenfedrane, det er nok å lese misjons og kyrkjehistoria frå nær fortid for å sjå at nettopp dette fekk betyding for mange personar. 

Kanskje har vi no høve til å ta tilbake det tapte, og på nytt oppleve og utvikle det meditative kristenlivet. Det gjeld både å oppdage kva Guds Ord seier om å finne kvile, fred og glede i Jesus Kristus. Men og kva det betyr å vere ein læresvein av Jesus, og at han kallar oss til å leve og tene han i kvardagen.

Kanskje kan denne «ørkentida» vere med på å opne opp nye sider i kristenlivet?