Paz en la Tormenta

Dei quechuatalande kyrkjene i Potosi

Bli betre kjend med to av dei største kyrkjelydane i ICEL i Bolivia: Fred i Stormen (Paz en la Tormenta) og Berre av Tru (Solo por Fe).

Migrasjon

Den Kristne Evangeliske Lutherske Kyrkja (ICEL) i Bolivia arbeider i fem distrikt, tilsvarande der NLM også arbeidde før nasjonaliseringa i 1997. Tinguipaya distrikt var i si tid det største distriktet både i antal kyrkjelydar og medlemar.

Men i starten av 2000-talet flytte svært mange av medlemane til Potosi. Heldigvis er dei aller fleste å finne att i desse to quechuatalande kyrkjelydane som har vokse fram som eit resultat av migrasjonen frå Tinguipaya distrikt/kommune til Potosi.

 

Paz en la tormenta, gudsteneste.
Paz en la Tormenta:Gudstenester med over 90 vaksne medlemar. Malvin Ommedal

Kyrkja "Fred i Stormen"

Fred i Stormen-kyrkja er nok ICEL si største kyrkje i Bolivia med 90 vaksne aktive medlemar, med smått og stort vert nok det totale medlemskapet her over 120. Medlemane bygde ny kyrkje i 2011/2012 på same tomta der dei hadde samlast i eit lokale som vart for lite.

Kyrkja er aktiv med gudstenester og bønemøte kvar veke, pluss søndagsskule og ungdomsklubb. Kyrkjelyden har hatt eit par aktive song- og musikkgrupper som har spelt inn nokre musikkvideoar i tillegg til å verte brukte i høve bryllaup og andre arrangement. Den eine gruppa har også delteke på song- og musikktevlingar mellom fleire kyrkjesamfunn og gjekk av med fyrstepremien i Cochabamba eit år.

Desse to gruppene er no oppløyste, sidan medlemar flytte til andre stadar i landet, men dei dukkar opp att som musikantar her og der i forskjellige kyrkjelydar og på kristne stemner.

Sjølv om ein del framleis kjem flyttande frå Tinguipaya, så vert etter kvart fleire kristne i Potosi by. Dette er den einaste kyrkja i ICEL som har pastor på heiltid, og han er heldigvis av det aktive slaget.

 

Malvin Ommedal underviser tenåringer i Solo por Fe.
Solo por Fe:Malvin Ommedal undervisner ungdommene. Preben Solvang

Kyrkja "Berre av Tru"

Berre av Tru-kyrkja er etter kvart ei betydeleg kyrkje, den også. Den starta bla. som ein konsekvens av at nokre ville ha si eiga forsamling i sin bydel i staden for å måtte fare eit godt stykke til Fred i Stormen-kyrkja.

Veksten i denne kyrkja er eit resultat av nye kristne i eigne rekker, men også pga. meir innvandring frå deler av Tinguipaya kommune. Medlemstalet er no 30-40 aktive vaksne, og med stort og smått ca. 50 totalt. Av og til samlast fleire.

Forsamlinga bygde sitt fyrste kyrkjelokale i 2014, men det gjekk ikkje lang tid før det lokalet vart for lite, og dei utvida med det doble, som stod ferdig i 2018.

Kyrkjelyden har eit aktivt forsamlingsliv med tre gudstenester kvar veke. Arbeid blant tenåringar driv dei også. Denne kyrkjelyden har enno ikkje vald å prioritere eigen pastor, men vil heller konsentrere seg om å kome over dugnads- og den økonomiske kneiken. I mellomtida er det styre med eldste og andre både frå den same kyrkjelyden og utanifrå som tek ansvar for aktivitetane.

 

Guds rike går fram

Det er ei glede at Guds Ord vert forkynt og Guds rike går fram. Sjølv om det er medlemar som forsvinn ut av våre samanhengar, er det godt å sjå at der er ein netto vekst i desse kyrkjelydane og at folk veks i tru og visdom.

No i desse koronatider har mange av desse innvandrarane frå landsbygda vortne arbeidslause og for ei tid reist tilbake til landsbygda der dei kom frå, prøver bla. å få noko ut av jorda dei forlét.

Men den nasjonale kyrkja sender dagleg ut andaktar, mest på spansk, men og nokre på quechua, som vert vidaresendt til forskjellige nettgrupper. Mobilen er nesten allemannseige i dette landet sjølv om signala kan vere varierande på landsbygda.