Dåp

Dåp i koronatider

Mykje av den vanlege drifta i NLM er blitt stengd ned av myndigheitene, men Guds rike held ikkje stengd. Difor skal me framleis finne gode løysningar for gjennomføring av dåp.

Det er ein duftblanding av roser og antibac som ligg i lufta på Steinsøysund bedehus, nordøst på Smøla. Ting vart ikkje heilt som planlagd, og det var kun faddarar og næraste familie som kunne få med seg sjølve dåpshandlinga. Det vart óg tekne fleire ulike førehandsraglar for å minimere smitterisiko.

Det er andre gong på få år at det vert arrangert dåp akkurat her og d
enne søndagen vart Sarah bore fram til dåpen av bestemor, i ein tradisjonsrik dåpskjole. I 116 år hadde den heimesydde kjolen vore med Dalseth-familien til dåp, med Markus 10,13-16 brodert inn langs heile sida. Sjølv om me skulle ynskje at dåpsdagen var åpen for fleire, er eg glad eg fekk oppleve det lille men nære fellesskapet i dåpsfølget.

Det er særs gledeleg å meddele at det óg i Ørsta/Volda Misjonsforsamling på same tid vart arrangert trippeldåp etter avtale med smittevernlegen i Volda. Dette er ein av dei største gledene vi får vere med på i arbeidet, at desse fire borna, på Nordmøre og Sunnmøre, blei gitt Den Heilage Ande og vart tekne inn i Guds rike denne søndagen.

Sjølv om ting vart annleis denne dagen, er Gud framleis den same og det er han som verkar i dåpen. Ikkje vatnet, ikkje pastoren, ikkje kyrkjebygget. Det er Gud og Gud åleine. Difor ber me borna våre frimodig fram til Han også i desse tider, når mykje anna må stå på vent.

Dersom du ynskjer dåp hjå oss, kan du ta kontakt med di næraste NLM-forsamling eller direkte til regionkontoret, du er hjarteleg velkomen!