Bibel

Gammalt og nytt om bibelundervisning i nordvest

Det er i desse dagar åtte år sidan bibelundervisninga "Levande tru-Bibelen i livet" vart starta opp i regionen. Mykje har skjedd sidan den spede starten våren 2012

Bakgrunnen var ei erkjenning av minkande bibelkunnskap, samt eit ønskje frå fleire om meir bibelundervisning for kristne. Vi gjekk i gang, og etter desse åtte åra, må vi vel seie at det har vorte godt motteke av mange misjonsfellesskap. Samlingane har ei enkel ytre form, med undervisning og anledning til spørsmål, refleksjon og samtale. Dei fleste av regionen sine arbeidarar som driv med forkynning, er med på dette. Vi har no 36 ulike tema som det vert undervist i. Frå GT, NT og truslære/etikk.

Sidan 2012 er det gjennomført over 160 undervisningsseriar, kvar på 3-4 samlingar. Det seier litt om mottakinga dette har fått i regionen vår. Nokre misjonsfellesskap brukar «Levande tru» regelmessig, andre mindre. Eg tenkjer at det er viktig med ein god balanse mellom bibelundervisning som går litt djupare, og «vanlege» evangeliske møter der ein lettare kan invitere med møteframande.

Det er ulike måtar å legge opp ein undervisningsserie på. Vi vil gjerne at de satsar på det som passar lokalt. Nokre brukar 3-4 vekedagar etter kvarandre. Andre brukar ei helg, med ein bibeltime fredag, to på laurdag og «vanleg» møte på søndag. Og det er mogleg å spørje etter ein fast vekedag kvar eller annakvar veke. Ingen må tenkje at dette er fastlåst til det eine eller andre. Vi oppmodar fleire til å prøve dette. Du finn ei god oversikt over alle tilgjengelege undervisningstema på nettsidene til regionen, ved å klikke på «ressurser». Og så er det berre å ta kontakt med regionkontoret.