Vestborgruss i aksjon

Ut på tur(né)!

Når Vestborgrussen er på turné er det ei heil veke med besøk på skole og barnehager og møter om kvelden.

Kvart år, i slutten av januar, har mange av forkynnarane i Region nordvest eit av dei store høgdepunkta i arbeidsåret. Då er det turne med Vestborgrussen, ei heil veke med møter på bedehusa, besøk i barnehagar, på skular og i ungdomsklubbar rundt om i heile fylket og vel så det. Det store er sjølvsagt at vi får reise saman med kjekke og kule ungdomar frå Vestborg. Og det er ingen tvil; det kjem fleire folk på møta når Vestborgarane er med. Til saman fekk gruppene inn om lag 150.000 kr til misjonsarbeidet i Japan denne turneveka.

I år fekk eg vere saman med Maria Hatlevik Borg frå Åheim, Einar Aukrust frå Lom og Marco Grønhaug frå Godøya. Vi var vel eit supert team, eller tek eg feil?

Korleis hadde de på turne då, Marco, Einar og Maria?

Maria: God mat, kjekt å snakke med nye folk, og møte forskjellige menigheiter. Bedehusa var så forskjellege, og det var kjekt å høyre talene kvar dag. Spesielt spennande var det å besøke ungdomsklubben i Herøy frikyrkje. Dette var viktig sånn at vi fekk snakke med potensielle elevar.

Grudde de dykk på førehand?

Maria: Eg grudde meg ikkje, men var så klart spent. Eg viste ikkje kva eg skulle forvente, men var klar for å ha ei veldig annleis veke.

Var det noko som overraska dykk – var annleis enn de hadde tenkt?

Maria: Eg var overraska over at eg ikkje vart lei. Det høyrtest litt voldsomt ut med ei heil veke med møter, men det var noko nytt på kvart møte og alltid nye folk å helse på. Difor vart det aldri keisamt.

Kva var det beste med turneen?

Einar: Det beste med turneen var nok det å møte så mange nye folk og besøke nye stadar og bedehus kvar dag. Blei møtt med mykje gjestfriheit frå dei vi budde hjå, og blei godt kjende berre i løpet av ein dag.

Marco: Det beste var nok den dagen vi hadde dei aktivitetane med dei ungdommane

Maria: Det var spennande, at ein ikkje viste kva som kunne skje.

Og det verste?

Marco: Det verste var nok at vi vart seint ferdige om kvelden og så måtte tidleg opp neste morgon.

Einar: Det var eigentleg ingenting som eg reagerte negativt på i løpet av turneen. Det einaste måtte i så fall vere at det var ei travel veke som til tider kunne slite litt på energinivået.

Kva seier de til neste russekull? Reis på turne eller stay home?

Einar: Vil absolutt anbefale å reise på turne. Sjølv om ein tenkjer at dette høyrest keisamt ut og kanskje litt skummelt, så er dette noko som ein venjer seg til etter berre ein dag eller to. På slutten av veka sit ein dessutan igjen med minner og nye kjennskapar som vil vare livet ut.