Seksjonsleiar Bjarte Gudmestad for bygg- og anleggsavdelinga gler seg over at elevar får utdanne seg til anleggsmaskinførarar på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø frå hausten 2021.

Tryggheim skal utdanne anleggsmaskinførarar

Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø får anleggsteknikk-linje hausten 2021.

Utdanningsdirektoratet har godkjent Tryggheim sin søknad om utviding med programområdet Vg2 anleggsteknikk. Skulestyret vedtok nyleg oppstart av Vg2-tilbodet frå hausten 2021, og me gler oss over denne utvidinga, seier seksjonsleiar Bjarte Gudmestad.

- Bransjen treng fleire lærlingar, og vegen framover ser bokstaveleg talt ut til å trenge mange maskinførarar, seier han og viser til plan for ny ferjefri E39 Kristiansand-Trondheim som eit av mange prosjekt som vil krevje anleggsteknisk kompetanse.

- Samtidig har me inne ein søknad om å auke elevtalet på heile avdelinga frå dagens 65 til 85 elevar. Det vil gje meir fleksibilitet og eit økonomisk sunnare reknestykke når skulen utvidar med Vg2 anleggsteknikk, forklarer seksjonsleiaren.

PS! Ordinær søknadsfrist for vidaregåande opplæring er 1. mars. Elevar som skal gå vidaregåande til hausten, er velkomne til å søke Tryggheim vidaregåande skule. I tillegg til bygg- og anleggsteknikk tilbyr skulen studiespesialisering med eit breitt programfagtilbod, helse- og oppvekstfag og elektrofag.