Årsoppgjør

Å gjere opp rekneskapen

Å takke for det som har vore.

No, heilt i starten av eit nytt år, byrjar økonomiansvarlege rundt om i heile verda å gjere opp rekneskapen for året som har gått. Det å gå over i eit nytt år og å legge førre året bak seg gir oss eit godt høve til å sjå tilbake på året som har gått.

Sett av 20 minutt og sjå bakover. Kva var det som skjedde dette året? Det er dei største hendingane som meldar seg først; å miste nokon kjære, å ta imot eit nytt liv, å byrje i nytt arbeid, ny skule, flytting, å miste arbeid eller å oppleve sjukdom.

 

Når desse tinga er på plass, så trer andre ting fram. Ein ferie som ikkje vart som forventa, anten til det gode eller til det vonde, å lukkast/mislukkast med det ein gjer i hobby eller i arbeid. Mål ein ikkje nådde. Det som vart fullført. Medkjensle for nokon som lei, glede med nokon som gledde seg. Kanskje stig det fram vonde ting som vart gjort mot deg, eller som du gjorde mot andre, smerter du ville vore forutan.

Det er godt å vere i kontakt med det som har vore i året som har gått, på denne måten er det ikkje heilt over og du får sjå korleis dette pregar deg. Dette er sunt for alle og ein kvar uansett kven ein er,  men for deg som trur på Jesus så gir dette deg eit viktigare høve.

Etter å ha sett tilbake, fald hendene dine og takk, klag og be. Midt i alle desse erfaringane fjoråret gav var Gud. Han var nær. Han var der med si velsigning, med sin dom og med si tilgjeving. Det året du har fått gjennomlevd var eit liv «innføre Gud». Dette uttrykket «Innføre Gud» er eit uttrykk som seier noko om at livet du levde var sett av Gud, kjenslene dine såg han, erfaringane dine såg han, handlingane dine såg han. Slik var det anten du tenkte over det eller ikkje. Ved å gjere opp rekneskap og be så får du minne deg sjølv om at fjoråret var eit år som Gud såg og var tilstades i.

Kanskje får dette deg til å klaga. Kanskje får dette deg til å takka. Kanskje får dette deg til å be om tilgjeving. Kanskje er det noko av alt.

Gjer det då, takk, klag og be. Å medan du gjer det, så kjem det eit blikk framover mot eit år der du skal få leve eller døy innføre Gud.

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.Filipparane 4,6-7