Dugnadsarbeid på Vestheim

Den store stjerna i taket

I samband med ombygginga av mellombygget på Vestheim ungdomssenter måtte ein «institusjon» på leirstaden vike.

Mange har gjennom snart seksti år fått sterke og kjære minne frå dette rommet på Vestheim.  Det var det siste rommet på Vestheim som praktisk tala var uendra frå opninga i 1960.  Eg har sjølv mange minne frå ungdomsleirar med gruppemøte og vitnemøte i peisestua, der vi fekk  hjelp på vegen som unge kristne.


Rommet er rett nok ikkje borte, men det er peisen. Det gjer at rommet no blir litt romslegare.  I tilleg er alle vindua nye.  Mot nord er det store vindu som skråar frå golv til tak ut mot den nye hallen. Med vassboren varme i golvet er det slutt på det kalde betonggolvet. Vi er overbevist om at dette blir eit veldig tenleg rom for mindre samlingar opp til ca tretti personar.

Det er Vestnes Bygg AS som utfører mesteparten av arbeidet på den omfattande ombygginga som skjer på Vestheim. Men vi har nokre ivrige dugnadskarar som gjer ein flott innsats. Siste veka før jul har Geir Andresen og Roar Johansen vore i full sving med å kle den nye stua. Før gipsplatene kunne skruast på var det mykje arbeid med stubbing for skrufeste mm.

Om du kjem ein tur innom Vestheim og kikar inn døra til peisestua, vil du kanskje tenkje at noko er borte. Nokon vil kjenne på eit sakn, andre vil tenkje at dette vart flott og at det var på høg tid.  Men den som løftar blikket og ser opp,  blir møtt med synet av den store stjerna i taket, som for mange av oss har vore sjølve kjenneteiknet på peisestua på Vestheim.

No  inn mot jul og med tanken på den store stjerna som viste vegen heilt til Betlehem og frelsaren, er det flott at Vestheim har og er ei stjerne som kan minne oss om vegen.