Steinar i Jerusalem

Vinpressa i Nasaret er hogge ut i berget

Israel er stadig i fokus og det er både sterke kjensler og sterke meiningar i sving når temaet kjem på banen.

For ein bibellesar er dette vesle landet i Midt-Austen ikkje til å kome forbi. Dei historiske hendingane Bibelen viser til har for det meste gått føre seg her. Ord som Nasaret, Genesaret, Jerusalem, Galilea er grunnleggande søndagsskulepensum . Men det handlar om meir enn geografi. Det handlar også om eit  folk og Guds veg med dette folket både i fortid, notid og framtid. Men synspunkta mange og forskjellige.

Steinar Dimmen, tidligare misjonær i Bolivia og no områdearbeidar (forkynnar) i NLM, har i den seinare tid søkt å sette seg meir inn i dei ulike spørsmåla. Sist haust var han på studietur til Israel.

Steinar, kvifor er du såpass oppteken med desse spørsmåla som har med Israel å gjere?

Det er eg fordi den Bibelske openberring av Gud er knytt til dette landet og til det jødiske folk.  Her let Gud det hende alt som er fortalt frå Abraham og fram til Jesus.  Og så er jødane Guds folk som han framleis har planar med og som den kristne kyrkje må fylje med på.

Korleis var det å besøke landet for første gong?

Det gjorde inntrykk å vere der.  Å sjå dei mange historiske område, den tette busetnaden og moderne byområde, eller dei frodige landbruksareala tett på gold ørken og ubebygde områder.  Store kontraster.  Så hadde vi ein god gaid som har vore misjonær i landet i 11 år og som hadde gode kontakter med folk og historiske kyrkjer. Såleis fekk vi møte og snakka med mange. 

Fortel litt om opplegget for studieturen.

Vi skulle gå i Jesus fotspor og målet var å knytte dei mange bibelforteljingane opp til dei plassane der det skjedde. Vi besøkte derfor både Galilea og Jerusalem. Vi såg på fleire arkeologiske utgravingar som bekrefta bibelforteljingane. Vi var innom fleire museum der vi såg det jødiske folk si fjerne historie, men også den nære historie slik vi fekk sjå henne på Holocaust museet.  Det gjorde sterkt inntrykk.

Vi var ei lita gruppe på 7 personar som hadde 14 dagar med tettpakka program, Gaiden hadde god teologisk og kulturell kunnskap og sette Jesusforteljingane inn i sin rette samanheng, så dette vart ein skikkeleg studietur som eg er glad eg tok tid til.

Litt inntrykk fekk vi også av dei politiske spenningane og sikkerheitssituasjonen folk lever under. 

Var det noko som gjorde særleg inntrykk?

Vi såg ei vinpresse som var hogge ut i berget og som var frå Jesus tid. Det fanst nok berre ei felles vinpresse i den vesle landsbyen Nasaret på den tida, og det er truleg denne Jesus tenkjer på i likninga i Markus 12, 1: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn»…

Elles var vi innom mange av landsbyane og områda rundt Genesaretsjøen der mykje av forteljingane foregår. Vi fekk også sjå plassen der han heldt Bergpreika og truleg var det på same staden han møtte læresveinane etter oppstoda slik det er fortalt i Mat 28:10, 16-20.

Jerusalem gjorde sjølvsagt også sterkt inntrykk, og då særleg Oljeberget, Getsemane og Tempelplassen.

Vart det nokon aha-opplevingar?

Landet er lite, avstandane er små.  Området rundt Genesaretsjøen der veldig mange av forteljingane om Jesus foregår er eit ganske lite geografisk område. Det er svært få jødar som har teke imot Jesus. Dei fleste kristne i Israel er arabarar.  Evangelisk misjon i Israel er derfor viktig.

Kvifor trur du det er så sterkt engasjement rundt spørsmåla om Israel?

Gud har knytt lovnader til folk og land. Vi ser at profetiar i Bibelen i nyare tid har gått i oppfylling, mellom anna at staten Israel vart etablert og at jødane vender tilbake til landet frå alle land på jorda. Dette er i verdshistoria ei uvanleg hending, men som vitnar om Guds inngrep. Det finst andre profetiar som er vanleg å knyte til endetida, men som enno ikkje er oppfylt.  Derfor trur eg mange er opptekne av landet.  Dessutan så er det trist at det er så mykje konfliktar, vald og krig i landet. Landet Israel er i nyheitene stadig vekk.  

Kva er viktig å hugse på når vi skal gjere oss opp meiningar i desse sakene?

Vanskeleg spørsmål. Men når det gjeld konflikten i landet så må det løysast med politiske middel, ikkje med kuler og granatar. Eit menneskeliv er heilagt og Gud vil ikkje at nokon lid urett og overgrep. Det er ulike syn mellom Israelarane på korleis dette skal løysast, noko som er heilt naturleg sidan det er eit demokrati.

For oss som bibellesarar så må vi legge til merke kva profetiane om Israel seier. Det er veldig trustyrkjande å sjå at Bibelens ord går i oppfylling. 

Og til slutt vil eg seie at vi må vere opptekne av å formidle evangeliet om Jesus Kristus til den jødiske folk. Han er den einaste frelsevegen også for israelaran