Ungdommer i Engesetdalen

Kjekke ungdommar i Engesetdalen

Den er ikkje kjempestor, NLM si misjonsforsamling i Engesetdalen, men der skjer mykje viktig og gjennomtenkt arbeid. Noko av det går føre seg i misjonshuskjellaren, som nyleg er flott pussa opp.

Annan kvar fredag samlast dei, ungdommar frå Engesetdalen, og nokre frå bygder omkring, som Skodje og Tennfjord. To av leiarane er Ingvild Ekroll og Randi Starheimsæter. Dei fortel at det møter opp stort sett 10-14 stk. kvar gong. Etter kvart som fleire av borna i forsamlinga vaks til og vart ungdomsskuleelevar, melde behovet seg for å ha noko eige for dei, og så starta dei opp. Og ungdommane får med seg fleire av kameratane sine hit.

Kvelden startar med ein omgang «Gruble» eller kahoot. Vidare er det andakt, før «spleisebuffé» med pizza og snop. Så går det vidare med speling og sosialt.

For meg, som gjestande andaktshaldar, var det ei oppleving å få formidle frå Bibelen. Her var det ikkje inneslutta og kjedelege ungdommar. Nei, spørsmål og avbrytingar heile vegen. Slikt er kjekt. Eg skjønar etter kvart, at her har det vore ein plan over det som er formidla. Dei har gått heile vegen med tema som: Kva er kristendom?  Kven er Gud? Kven er Jesus? Skapinga. Frelse osv. Og dei lærer at det er Bibelen som gjev svar. Denne kvelden hadde eg fått spørsmål/ordre om temaet «Kva er nåde?» Sitjande i ringen av lyttande og spørjande unge, vart det ei fin stund.

Eg spør eit par karar, Gabriel og Hans Erik, om kva dei likar med ungdomsklubben. «Det er sosialt», seier dei, «og så er det ikkje for mange her, men passeleg stort.» Det er verd å merke seg, og så ser eg på fata at dei er glade i pizza og snop. Og det same er eg.

Takksam reiser eg heim. Med takk til Gud! Og med takk til Ingvild og Trond Edvard, Randi og Svein Ove, som står på som leiarar!