Fra mannshelga på Utsyn

Ei renessanse for mannsweekendane?

Godt over 40 menn, frå dei yngste i 20-åra til dei eldste i 70-åra, var samla til mannsweekend på Utsyn Misjonssenter helga 20-22 september.

Dette er 2. året på rad at ein gjeng karar - godt hjelpa av Sissel Marie på Utsyn – gjekk saman for å vekka opp ein tradisjon med sterke historiske røter. Mannsweekend, eller mannsmøte om du vil, har vore arrangert ein rekke stader i det som no heiter Region Sørvest. Men det er en del år sidan det har vore på Utsyn Misjonssenter. I september 2018 var det 33 påmeldte, i år 10 fleire. I tillegg kjem det mannfolk som bur i lokalmiljøet på dagsbesøk og enkeltmøter, så at det er grunnlag for at dette er ei helg som er «liv laga» er det ikkje noko tvil om!I år var tema for helga «når eg er svak, då er eg sterk». Asbjørn Handeland og Endre Stene tala på kveldsmøter, bibeltimar og temasamlingar og gav oss mykje god bibelsk forkynning. Det er lett for ein mann å prøva å vera sterk og solid, men om me ikkje går til Guds Ord for å henta krefter så blir me små og veike.

God mat på Utsyn
Bjarne Ydstebø

 Laurdag blei det gjeve anledning til frie vitnesbyrd og me fekk høyra sterke fortellingar om korleis Gud har grepe inn i menneskes liv i møte med død, sorg, depresjonar og tøffe opplevingar.

Komiteen har lyst å takka alle som ville setta av desse dagane! Me er alle brør i Kristus! Det var fleire som og var der i 2018, men også fleire nye. Håpet vårt er at dette kan vera ei helg der me kan koma saman, på tvers av alder, og hjelpa kvarandre fram på vegen. Ein stor takk til Sissel Marie og personale for strålande oppvarting og god mat!

Høyres dette fristande ut? Vel. Fortvil ikkje. Velkommen på ny mannsweekend på Utsyn 18-20 september 2020! Øivind Ruud Kringstad frå stiftinga «For oss» er allereie klar som talar. Følg Utsyn Misjonssenter på facebook, så vil du få info om eventuelle endringar, meir utfyllande program og påmelding! Håper me sjåast!