Temesgen Shibru Galla

Inspirerende misjonssamling

Samling til inspirasjon, oppmuntring og åndeleg påfyll i Region nordvest.

Laurdag 7. september inviterte NLM til misjonssamling på Møre Barne og Ungdomsskule i Herøy.  Det var Temesgen Shibru Galla, pastor i den etiopiske kyrkja i Oslo, og Ung-arbeidar Hege Dalhaug som var tilreisande talarar.

Møte hadde som sikte å samle folk frå område 1 (Søre Sunnmøre) til inspirasjon, oppmuntring og åndeleg påfyll. Det var møter både for vaksne og for borna.

Kvifor er du ein kristen?  var spørsmålet som Temesgen og Hege fekk på familiemøte.  «Fordi eg lærde det heime av mamma og pappa, og så trur eg at Jesus er Guds son. Men det har ikkje alltid vore lett å vere ein kristen» svara dei.

Både familiemøte og samlinga med pastor Temesgen sette fokus på kallet til å drive misjon. Kristenlivet i Etiopia er prega av optimisme og håp sa han.  Å vere ein kristen inneber å fylgje Jesus, han er det som leier oss inn i eit godt liv på jorda og til evig frelse i himmelen. Folk har stor frimodigheit i evangeliet og evangelisering og misjonsiveren som vi opplever i Mekane Yesus-kyrkja kviler på tre ting.  For det første så har Jesus kalla alle kristne inn i teneste for han. For det andre så er dette ei bør han har lagt på oss, nokon må fortelje menneska om Jesus. Og for det tredje må vi bøye oss for Bibelens ord så vi kan eige fulle overtyding om at evangeliet er sant.

Temesgen talte også på gudstenesta på søndagen i Ørsta Volda Misjonsforsamling.