I Bolivia har vi sidan 2018 hatt eit prosjekt (PROFFASVI) som tek for seg tematikken vold i nære relasjonar, vere seg mellom par, mellom foreldre og barn, og barn/unge seg i mellom.
Dette gjerast gjennom bruk av undervisningsprogram som fremjar sunn sameksistens. Prosjektet fokuserer på haldningsendring der vi ynskjer at voldeleg oppførsel vert erstatta med kjærleik.
Strategien er gjennom nokre eigne tilsette å undervise frivillige leiande ektepar, volontørar osv. som etterpå underviser andre. Etter diverse erfaringar med tidlegare prosjekt er det eit ynskje at dei lokale kyrkjelydane skal få eit eigarforhold til aktivitetane i prosjektet og bringe vidare ny kunnskap og nye haldningar.
Dei noverande leiarane i den kristne evangeliske lutherske kyrkja (ICEL) er veldig opptekne av dette og tek ansvar, og td. i dag er det fleire frivillige leiande par som har fått opplæring i ekteskapskurset og som igjen driv med undervisning av andre ektepar. Bla. har vi opplevd ektepar som etter mange års ekteskap har fornya ekteskapspakta si i kyrkja.
Det drivast og opplæring på skular og helsesenter både i byar og på landsbygda, helst i nærleiken til ei av kyrkjene våre. I alle samanhengar prøver ein å lære opp frivillige som kursar andre, men også direkte kursing i klasserom på skulane.
Målet er jo at prosjekta vi driv skal være berekraftige, at dei ikkje døyr vekk med ein gong prosjektet avsluttast, men kan leve vidare på ein eller annan måte. Opplæringa som vert gjeva har sin verdi for dei som får del i det her og no, men innhaldet er så viktig at plana og håpet er at innhaldet vert teke vidare til andre og nye generasjonar.
Prosjektet gjeld i denne omgang for åra 2018-2020, og resultata vi har oppnådd til denne tid er godt i rute.