Møte

Søknad levert!

Endeleg har SETELA sendt inn søknad om å bli offentleg godkjent høgskule. No håpar dei å bli ein plogspiss for utdanning av evangeliske teologar.

Å skulle bli Escuela Superior (offentleg godkjent høgskule) i Peru er ikkje ein rask prosess. I Peru eksisterer det i dag ingen evangeliske høgskular der det er mogleg å få ein grad i teologi som er godkjent av staten.

Det er mange institutt og seminar der ein kan studere evangelisk teologi, men ein får ingen grad etter fullført studie.

– Det er no på tide å få orden i sakene! seier Tomás Gutierrez Sanchez, direktør for SETELA, i eit lite møte som fann stad i den peruanske kongressen 15. mai.

SETELA er berre eitt av rundt 144 seminar og institutt rundt om i Peru utan offentleg godkjenning frå staten. No vil SETELA bane veg for at SETELA kan få godkjenning og for at andre kan gjere det same.

 

Møte i kongressen

Tore Bjørsvik (Stedlig representant), Marianne Thormodsæter (styreleiar for NLM Sør-Amerika), Félix Vargas (Rektor for SETELA) og Nancy Aroquipa (Administrasjonsleiar ved NLM Sør-Amerika) var òg med på møtet i kongressen i Lima førre veke. Møtet blei gjort mogleg ved at ein kongressist og Gutierrez har brukt kontaktane sine.

På møtet var vise-utdanningsministeren til stades, og fleire av direktørane frå utdanningsdepartementet saman med rådgivarar. Justisdepartementet har òg gitt verdifull hjelp i prosessen fram mot å bli evaluert. Utan denne hjelpa ville søknaden blitt avslått. Det er difor mange på høgt nivå i staten som er med i prosessen for at dette skal gå.

Møte
Viktig møte:Representantar frå NLM og SETELA var i møte i kongressen. Privat

Uvant søknad

Ettersom Peru er eit katolsk land og dei einaste universiteta der ein kan studere teologi er katolske, var det ikkje heilt sikkert korleis ein skulle få sendt inn søknaden, då den ikkje passa heilt inn.

Dette førte til eit nytt møte 22. mai for å bli samde om kvar søknaden skulle leverast. På dette møtet var Gutierrez og Aroquipa til stades saman med representantar frå Utdanningsdepartementet og Justisdepartementet.

 

– Det er eit stort steg for SETELA å endeleg ha fått levert inn søknaden til Utdanningsdepartementet, kommenterer Tomás Gutierrez Sanchez, og legg til at titlane til våre studentar vil vere godkjente i alle land Peru har samarbeidsavtalar med dersom søknaden blir godkjent.

 

Vil få stor betydning

Korleis ser du på søknaden og kva vil det bety for SETELA, Tomás?

– SETELA tilfredsstiller alle krav frå Utdanningsdepartementet i sin søknad som blei levert til Utdanningsdepartementet 23. mai. Dersom me får godkjent søknaden vil dette få stor betydning for tusenvis av evangeliske pastorar og leiarar, seier han.

 

Behandlingstida på søknaden er 90 dagar, det betyr at SETELA kan få godkjenning frå september av. Ver gjerne med i bøn for prosessen og for alle som er involverte i dette prosjektet.