Loddsalg

Basar i Isfjorden

Ivrige jenter i Isfjorden har hatt basar

Jenteforeninga «De blindes forglemmegei»  i Isfjorden har i over 100 år jobba for misjonen. I dag er det 10-12 jenter i småskulealderen som møtest til jentemøte annakvar torsdag. Først og fremst skal dette vere ein møtestad der borna blir kjent med Jesus og bibelens bodskap, men det er og fokus på misjon, og dei følgjer med på «Barnas misjonsprosjekt». Det er så mykje godt materiell å få frå nlm ung.

På kvart møte er det utlodning, og stor basar på bedehuset i førstninga av mars. Bedehuset er tilrettelagt og pynta, alt planlagt grundig, eit titals vaksne hjelper til med sine faste oppgaver. Der er tradisjonelt basarbord, åresalg med ekte treårar, tombola og kafè.

Jentene har tablå med andakt, denne gongen av diakon Emy. Temaet var tydelegvis sauer – dei hundre og dei nittini og den eine. Ulven var heller ikkje langt unna. Misjonsprosjekta denne gongen var i Mali og Elfenbenskysten. Det fekk dei sjå på film. Bedehuset var fullt, foreldra og andre folk i alle aldrar kosa seg, og pengar kom inn: Omkring 38 000 kr! Signe Morstøl, Inghild Eidem Morstøl og Gerd Bodhild Søvik driv trufast på år etter år.