Utviklingsminister

Utviklingsminister fra Region nordvest

Ulstein laga i førre veke rom for ein prat med vestborg.no på kontoret hans i Utanriksdepartementet.

Intervjuet med heimesida til Vestborg kan du lese her: 

Under samtalen fortalde utviklingsministeren kva arbeidet i regionen har hatt å seie for hans utvikling.

- Eg vart sett, og eg fekk vere i eit trygt miljø. Det gjorde ein forskjell i livet mitt. Dessutan vart eg utfordra av personar som Ole Audun Os til å ta leiaransvar. Elles har eg fått venskap som framleis varer. I kveld skal eg til dømes på kvelds til ein som eg har vore mykje på leir med.

Ulstein linkar elles arbeidet som Misjonssambandet har gjort på misjonsfelta sine med jobben som utviklingminister.

- Misjonssambandet har ein stolt historie og har gjennom til dømes å satse på utdanning endra samfunn.

Sundag drog han til Etiopia. Der ville han ha med seg ein fotball signert av verdas beste fotballspelar, Ada Hegerberg - frå regionen vår, som gåve til styresmaktene i landet. Ballen er forma med tekst med 17 berekraftige mål.