Mottar pris

Tryggheim er dysleksivennleg

Gratulasjonstalar og marsipankaker stod på menyen då studieverkstad-leiar Solfrid Muren ønskte feststemde lærarar og gjestar velkommen til daglegstova onsdag ettermiddag.

Stor dag

Rådgjevar Vidar Lothe Waaler i organisasjonen Dysleksi Norge overrekte det synlege beviset på at Tryggheim er godkjend som dysleksivennleg skule. Det inneber mellom anna at skulen har system for å fange opp lese- og skrivevanskar, og at Tryggheim legg til rette for elevar med desse utfordringane.

– Dette er ein stor dag. Dysleksi Norge stiller strenge krav for å bli ein dysleksivennleg skule. Vi har besøkt Tryggheim undervegs i prosessen, og skulen er nøye vurdert. Gratulerer, Tryggheim! sa Waaler då han heidra skulen.

 

Plaketten

Rektor Gjermund Viste tok imot plaketten på vegne av Tryggheim.

– Ein fin plakett og ein minst like fin tittel, sa ein nøgd rektor då han fekk det synlege beviset.

Også fylkestingspolitikar Jan Gunnar Mattingsdal (KrF) frå opplæringsutvalet var til stades under markeringa.

– Eg vil gratulere med utnemninga. Det er veldig kjekt å sjå at Tryggheim, som er eit godt alternativ for mange elevar, går i spissen for å utvikle seg på ulike område. Eg er stolt av at det finst ein dysleksivennleg skule i heimkommunen min, sa Mattingsdal før samlinga blei avrunda med eit foredrag av Dysleksi Norge om digitale hjelpemiddel.

 

Første vidaregåande skule

Tryggheim er den aller første vidaregåande skulen i Rogaland som er godkjend som dysleksivennleg. Tryggheim ungdomsskule blei heidra som dysleksivennleg allereie i 2016, og var den aller første ungdomsskulen i Rogaland som kunne smykke seg med tittelen.

 

På bildet ser du rådgjevar Vidar Lothe Waaler i organisasjonen Dysleksi Norge, som overrakte prisen til rektor Gjermund Viste.