Elever som jobber i verksted

Haugefestival på Tryggheim

Onsdag klipte rektor snora for Tryggheims første Haugefestival. Ein dag med foredrag, julebord og produksjon; inspirert av Hans Nielsens Hauges uttrykk «ånd og hånd».

Festivalen var hovudsakleg laga til for dei 70 elevane på Tryggheim vidaregåande skule som driv ungdomsbedrifter, men i foredragsdelen i møtesalen fekk fleire klassar vere med. Dei fekk høyre to engasjerte herrar som på kvar på sin måte har levd ut sider ved haugiansk tenking.

 

Råd for å lukkast

Inge Brigt Aarbakke, gründer og entreprenør med 280 tilsette driv frå Bryne utvikling heilt i front i oljeteknologien, og med kundar over heile verda. Gründerspirene på Tryggheim fekk gode råd om kva som skal til for å lukkast:

  • Lag produkt du veit folk vil kjøpa
  • Rekn med å jobba 15 timarsdagar første året.
  • Sjekk kontoen kvar morgon. Bedrifter med pengar på konto går ikkje konkurs.
  • Har du råd til å investera sjølv i nedgangstider, utan å måtte gå til banken for å låna, så har du stor handlefridom.

Aarbakke-bedrifta har lært opp over 200 lærlingar innan maskinering, og kunne avdekka planar om ny satsing på elektro- og automasjonsfaga, så her kan det vere duka for samarbeid med Tryggheim framover.

 

Utan sidestykke i europeisk historie

Predikant, forfattar og målar Odd Dubland heldt foredrag om livet og verksemda til festivalens namngivar, Hans Nielsen Hauge, eit liv og ein personlegdom utan sidestykke i europeisk historie.

– Utan Hauge, inga skule på Tryggheim. Den rørsla han skapte, og den lekmannsreisinga, trua på og viljen til å satsa både kristeleg og entreprenørielt som følgde i kjølvatnet hans har hatt eineståande betydning for næringsliv, kristenliv og sosial utjamning. Kanskje er han hovudgrunnen til at Jæren historisk og fram til i dag har hatt minimale klasseskilje, sa Dubland.

– Hauge var brennande opptatt av at folk skulle ta kristentrua si på alvor, og som ein følgje av det forvalta talenta sine til beste for seg sjølv og nesten, fortalde han.

Hauge gav via Dubland råd om å bli ein sjølvstendig og heilstøypt person, og ikkje basera seg på etteraping.

 

"Pep-talk" med Ungt Entreprenøskap

Samla sett gode råd for ånd og hånd før magesekken skulle fyllast av graut på julebord i daglegstova på skulen. Det ferske entreprenørskapskoret lokka fram julestemninga med klangfull instrumentering.

Jan Erik Jacobsen frå Ungt Entreprenørskap helste frå stiftinga og hadde «pep-talk» om arbeidet vidare før han fekk ein befaringsrunde under den påfølgande produksjonsøkta.

Lærarane som stod bak det heile, var litt i tvil om arrangementet skulle kallast Haugedag eller Haugefestival, men etter stemninga å dømme er festival det beste. Legg til matservering, musikk, foredrag, kreativ utfalding, og ved behov moglegheit for overnatting - då er vel dei fleste festivalkriteria oppfylte.