John Alusa

– Den nye kvardagen er fantastisk

– Eg har budd her i 30 år og har alltid frykta havet, seier John Alusa (56). Han har sand mellom tærne, og sola står i senit. Så går han sakte ut i lunka saltvatn og senker kroppen.

Henta frå Prosjektkatalogen 2026.

Her finn du paradokset. Trass dei flotte badeforholda er det svært mange langs kysten av Kenya som ikkje kan symje. Gratis symjeundervisning har snudd opp-ned på kvardagen til folk her.

«Det enkle er ofte det beste», heiter det i reklamen. Og når sandstranda er ein kort gåtur frå vaksenopplæringa, viste det seg at symjing på timeplanen var eit genialt grep.

Langs kysten av Kenya har Misjonssambandet sine utsendingar drive vaksenopplæringssenter i rundt 16 år. I samarbeid med dyktige lokale tilsette har hundrevis lært å lese og skrive. Senteret tilbyr også matematikk, sytimar, dataundervisning og symjing. Slik har mange kome seg ut i jobb. I fjor byrja symjetimane.

    

– Fantastisk

Heldigvis lot John Alusa seg lokke ut på djupt vatn. Han har fått ein ny kvardag etter at han lærte å symje. Då han først klarte å slappe av i vatnet, tok det ikkje lang tid å lære å flyte. Deretter kravde det mykje trening til for å lære effektive symjetak med pusting imellom.

– Den nye kvardagen er fantastisk. No sym eg fleire gongar i veka, fortel kenyanaren.

   

Dåp utan frykt

Badelivet har også fått yrkesmessige konsekvensar.

– Eg er pastor og døyper nye medlemmar i kyrkja. Tidlegare har eg berre våga meg uti vatnet til hoftene, ler han. 

I Norge får dåpsbarna nokre skvett frå døypefonten. På kysten av Kenya skal det eit skikkeleg bad til. Her går dåpsfølgjet til stranda. I omgivelsar du kunne avbilda på eit postkort, blir den døypte sitt gamle menneske senka i havet. No er det ikkje lenger eit problem for pastoren å handtere strabasane med neddykking.

Tre kenyanske menn badar
Badeglade:Dieudonné Bakanibona, Samuel Gona og John Alusa deltek på symjetimane. Privat

Medisin 

Dei helsemessige effektane er også store. For John har det siste året kome med leddsmerter i kne og anklar, men aktiviteten i vatn er med på å dempe smertene. Slik har symjinga blitt til medisin for både kropp og sjel. Dette gjeld for mange av studentane. I ein stillesitjande kvardag er badinga blitt ein inngang til fysisk aktivitet som medisin.

   

Alvorleg bakteppe

– Eit anna knep har eg også lært. Å slå folk i svime, for så å drage dei på land, ler John høgt og ser bort på sin norske symjelærar.

Ho har vist John korleis han skal gå fram for å redde nokon som held på å drukne. Det har skapt latter i symjetimane, men det har også eit alvorleg bakteppe. Drukning er eit langt større folkehelseproblem i Kenya enn i Norge. Verdas helseorganisasjon har eit forsiktig anslag på 2,3 drukningar per 100 000 innbyggjarar. Det gir årleg minst 1200 drukningar. I Noreg er talet rundt 84 drukningar i året, det utgjer 1,7 drukningar per 100 000 innbyggjarar. Utsendingane frå Misjonssambandet ser ofte situasjonar der drukningsfaren er stor.

   

Stamme og religion

Betina Mukui Muli (25) er ein av lærarane på vaksenopplæringa. Ho kunne sjølv ikkje symje, men lot seg lokke på djupt vatn. No trivst ho som fisken i vatnet. Læraren fortel at det har gjort mykje med samhaldet på skulen. Det sosiale aspektet i timane har styrka dei positive relasjonane både mellom lærarar og studentar, og studentane i mellom. Alt dette på tvers av stammetilhørighet, religion og andre skillelinjer.

– Studentane har også med seg barna sine, og slik har vi blitt betre kjent med heile familien. Det er ei stor tillitserklæring at dei tek med barna på symjetimane, seier ho.

Tre kvinner går på vei i samtale
Privat

Symjing i kjolar

Barna er ikkje vonde å be. Gjennom plask og leik plukkar dei opp basisferdigheiter som å flyte og å dykke. Det reduserer drukningsfaren drastisk. Mødrene kan vere skeptiske til å bade. Då kan dei aktive barna lokke dei uti. I kvardagen går mange av mødrene tildekt med lange kjolar og hovudplagg. Utsendingane har forsøkt å vise at det ikkje treng å vere ei hindring: When in Rome, do as the romans. Dei norske damene har difor demonstrert at symjing i kjolar absolutt kan fungere.

 

Skriven av "Lars", utsending i Austlege Afrika.

 

Utsending i Østlige Afrika