
Alle eg møter her er perler som Gud ønsker å samle inn til seg.
Skrevet av "Jenny", utsending i Nairobi i Østlige Afrika.
Eg får vere med og hjelpe til på ein liten klinikk i eit område her i byen med mange muslimar.
Det er ikkje dei store tinga som skjer her, men me får vere midt i kvardagen til folk. Nokre svingar innom og slår av ein liten prat, og nokre kjem igjen og får litt oppfølging. På denne måten håper me å sprei litt lys.
Ulike folk er innom. Nokre er ganske velståande, kledd i fine kler og dei lukter godt. Andre har ikkje sett ein dusj på lange tider og har store sår på føtene som dei ikkje har råd til å få stelt. Rundt oss er det ofte ein gjeng med gutar som er høge på rus, og som ofte tar seg ein kvil på fortauet i nærleiken. Tøffe skjebnar!
Ein dag skulle eg måle blodtrykk på ein mann. Han hadde neppe dusja siste året, var kledd i kler som hadde sett betre dagar og var tydeleg påverka av alkohol. Idet eg tar blodtrykksmansjetten over armen hans, slår andakten eg høyrde for nokre dagar sidan, inn.
Denne mannen er ei av perlene Gud ønsker i samlinga si. Denne mannen er like verdifull for Gud som alle oss andre, ein skatt Gud gjerne vil ha med på himmelvegen! Eg kan ikkje dele tru opent med han, ikkje her, men eg kan få gje denne mannen eit smil, om ikkje anna.
Ein annan dag kom ein ung far innom, han hadde med seg dottera som snart var fire år. Han var tydeleg stolt over å vere far til båe denne jenta og eit barn til.
Han ramsa opp fødselsdagen til begge to, mange gongar, og viste fram at han hadde kjøpt mat til jenta si, ein pose pommes frites.
Det var som om han skulle vise at han er ein god far. Problemet er at han var ganske rusa på noko han sniffa frå ei flaske. Så vandra dei to vidare, faren meir ustø på beina enn fireåringen.
Så har eg fått ein slags kontakt med ei ung jente som går forbi klinikken på veg til og frå skulen. Ho kjem ofte og gjer meg ein klem idet ho spring vidare, eller ser på klokka mi for å sjå at ho har dårleg tid. Me snakkar ikkje så mykje, for ho har det stort sett travelt når ho går forbi og er med ein gjeng venner.
Mogleg det er stas for henne å kunne sei at ho kjenner ei kvit dame. Greitt for meg. Eg håper å vere eit lys for henne når ho er på veg til koranskulen.
Det er mange skjebnar ein kan møte i denne verda, og dei er alle perler Gud ønsker å samle med seg heim til Himmelen. Eg følar meg ofte liten, at eg får gjort lite, men ein veit jo frå misjonshistoria at nokon må rydde stein før andre kan komme og så, for så at andre igjen kjem og haustar.
Om eg kan få vere med i steinryddinga for Gud si sak, så skal eg prøve å vere fornøgd med det, og ikkje vente meg dei store skarane som vender om.
I Jesaja kapittel 43 står det: «Fordi du er dyrebar i mine auge, høgt akta og eg elskar deg». Dette gjeld alle desse eg treff på klinikken!