
Den gamle kyrkja av jord blei for lita, så no står eit mykje større bygg snart klart – dei manglar berre tak. Og det skal dei nok få ordna! Optimismen rådar i kristenflokken i Kapkecha i Pokot.
Skriven av Kjell Strømme, seniorvolontør.
Nær eit høgdedrag på om lag 2300 meter, kneisande med god utsikt ned mot Kapenguria, fylkeshovudstaden i Vest-Pokot, klorer den vesle bygda Kapkecha seg fast i fjellsida. Litt lenger mot vest ruvar det monumentale fjellet Elgon på grensa mellom Kenya og Uganda.
Fyrst på 90-talet samla den trufaste, no avlidne evangelisten Thomas Nakapel, dei fyrste folka til samling om Guds ord her. Etter ei tid fekk me halde dåp, og ein ny kyrkjelyd vart skipa. Eit lite gudshus med jordvegger og bølgjeblekk vart også sett opp med ivrig innsats av den vesle flokken.
Men no er dette huset borte. Førre veke var det dugnad på å få fjerna jordhuset som dei kristne med jubel har sett er for lite. Eit nytt, seks gonger større bygg har reist seg rundt det gamle.
Vel, «reist seg» høyrest noko lettvint ut. For å få opp kyrkjehuset har det teke fleire år med innsats der både mais, geiter, høner og andre naturalia, pluss store innhogg i lønningsposar har gått med. Slik dugnadsånd utfordrar også kringliggjande kyrkjelydar og einskildpersonar til innsats, så store bidrag har kome til utanfrå og.
Men sjølv om me held gudsteneste inne i den nye kyrkja i dag, er det i stikkande sol med himmelen som tak! Pengane rakk til fundament, vegger, mesteparten av sperrene og løn til bygningsfolka.
Takplatene manglar!
«Snart kjem regnet, så no må me hiva oss rundt!» er tonen. «Me kan ikkje sitja midt i stri-regnet og høyra Guds ord når regntida har teke til! Me held ny innsamlingsaksjon midt i mars!»
Og sanneleg trur eg dei greier det!
Gudstenesta har alltid plass til eit vitnemål eller ti! Tekla Saisi set i med eit songvers og kjem fram:
Eg kjende ikkje Jesus, men vart beden med for å høyra Guds ord her i kyrkja. Heime truga dei meg med at dersom du held fram med å gå der, «må du eta maten din der også!» – som for å seia at heime ville eg ikkje få noko. Men eg har halde fram her i kyrkja og fått ta imot Guds ord.
Så veit eg at når alt her på jorda ein gong bryt saman, så har eg plass i Guds evige rike.
Så du! Ikkje høyr på dei som ikkje vil at du skal gå til Jesus; ikkje vent med å koma til han. Kvar og ein av oss har vår eige sjel å ta ansvar for – ho treng Jesus!