Ser utover en by gjennom en mur

Satser på marginaliserte områder

Nå spissar arbeidet i Nord-Afrika seg inn mot eit område i sør der det er lite misjonsarbeid frå før.

Nord-Afrika (N-A) er eit relativt ungt felt i NLM-samanheng, og sidan feltet ligg i eit sensitivt område er det framleis i ein oppstartsfase. Frå dei fyrste utsendingane kom hit for 3,5 år sidan har det vore totalt tre familiar på feltet. Ein av desse har returnert til Noreg. Dermed står feltet per dags dato med to familiar. Framtida ser likevel lys ut då det er tre nye personar på språklæring i Frankrike, som vil komme ut på felt hausten 2020. Samstundes vil også endå ein familie dra til Frankrike, og dermed vere klare for feltet hausten 2021.

 

Vil stå på eigne bein

Då dei fyrste utsendingane kom ut på feltet vart dei kobla med ein internasjonal organisasjon med lokal registrering og fleire års erfaring i N-A. Dette var ei strategisk gunstig løysing då det gav oss ei mjuk landing i N-A, og tilgang til ein erfaringsbase som var særs viktig for oss i denne første tida. Ettersom tida har gått har me sett at noko av det me fekk gjennom dette samarbeidet, er ting me kan klare sjølve, og at me har større fridom dersom me står på eigne bein. Me vil difor trekke oss frå denne type samarbeid. 

Dette betyr ikkje at me i framtida ikkje vil samarbeide med denne organisasjonen, men me vil ha det fulle personalansvaret sjølve, og så vil me kunne sekundere personell direkte inn i prosjekt der me har ledige utsendingar med kompetanse innanfor det fagfeltet som prosjektet etterspør. 

Alt i alt trur me at denne endringa vil betre feltet som heilskap, men det gjev også nokre kortsiktige utfordringar. Til dømes har me no ingen lokalt registrert organisasjon å lene oss på, noko som gjer at me ikkje kan søke om opphaldsløyve utanfor konkrete prosjekt. Me er difor tilstades på turistvisum, noko som gjer at me må forlate landet kvar tredje månad. Dette er reiser som kostar både krefter og pengar, og for at feltet skal kunne stabilisere seg er dette noko me må finne løysingar på. Å ikkje ha opphaldsløyve avgrensar også moglegheitene våre i landet. Me har til dømes ein lege på feltet, som ikkje får lokal lisens til å praktisere sidan me ikkje har opphaldsløyve.

 

Hjelper lokale organisasjoner

Noko kortsiktig positivt som har kome ut av denne endringa er at strategien vår no er meir spissa reint geografisk, dette er til hjelp for oss på eit lite felt. Arbeidet vårt vil difor stor sett konsentrere seg rundt dei sørlege delane av landet. Det er dette området som treng det mest, då området i nord rundt hovudstaden er det med desidert flest arbeidarar og utlendingar generelt. Dermed set me fokus på dei mest marginaliserte områda i eit land som i gjennomsnitt har veldig få kristne, men mange truande muslimar.

Det eine prosjektet som me har gåande på feltet er eit kompetansehevingsprosjekt retta mot frivillige organisasjonar som driv arbeid for marginaliserte grupper, som mishandla kvinner og fattige bønder. Prosjektet er eit Digni-finansiert prosjekt som søkjer å bygge organisasjonane frå å vere administrert på eit svært enkelt og tilfeldig nivå til å bli robuste og berekraftige. I prosjektet samarbeider me med fire lokale organisasjonar og har også tilsett ein lokal assistent, og vil i løpet av januar hente inn ytterlegare fire arbeidarar som skal bidra med å drive prosjektet.

 

Misjon i relasjonar

Sidan N-A er eit sensitivt felt har me ikkje høve til å drive tradisjonelt misjonsarbeid. Alt arbeid vert difor gjort gjennom relasjonar. Det vil seie naboar, venner, den lokale slaktaren, den lokale snekkaren, forelderen til ungane sine klassekameratar osv. Mennene brukar også ein del tid på kafear kor me kjem i snakk med folk, medan kvinnene inviterer heim andre kvinner som dei kjem i snakk med. Dei lokale er veldig interesserte i å snakke om religion og spør oss ut om trua vår, men det har vist seg vanskeleg å hente desse samtalane og diskusjonane ned på eit djupare nivå enn enkle forskjellar og likskap mellom vår tru og islam. Denne måten å arbeide på er også ekstremt tidkrevjande og har, utover ein del gode venskap, ikkje gjeve så mange resultat til no. I perspektiva for denne måten å arbeide på er ikkje dette rart, men mykje kan skje i framtida.

I november 2018 vart me med i ei gruppe som gjennom ei nettside og på Facebook kjem i kontakt med lokale som er nysgjerrige og som ønskjer å få vite meir om trua vår. Gjennom dette arbeidet får me moglegheit til å gå forbi delar av den krevjande relasjonsdelen, og forsikre oss om at dei menneska me brukar tid på faktisk er interesserte. Dette har ført til at me har vore med på å døype ein lokal mann. Diverre er det nokre administrative problem som gjer at me ikkje får tilsendt så mange kontaktar som me skulle ynskje. Me vonar at dette let seg ordne, for denne måten å arbeide på har eit stort potensiale.

 

Artikkelen er hentet fra NLMs prosjektkatalog 2020. 

 

 

Utsending i Nord-Afrika