– Ei arabisk side på internett fortel om trua vår, skriv utsendingen i Nord-Afrika. – Her får me moglegheit til å treffe lokale personar som me veit er søkande.
Den store nyheita sidan sist er at begge familiane på Nord-Afrika feltet har fått nye familiemedlemmer. Familien Anders/Line har fått ei lita jente, og familien Trude/Erlend ein liten gut. Då det var knytt ein del risiko til den eine fødselen føregjekk denne i Noreg, medan den andre skjedde ute på feltet. Når alt kom til alt så gjekk begge fødslane godt og begge barna er ved god helse.
Nå er me alle samla på feltet, og me kan planlegge arbeidet betre. Det er ikkje så lett å forklare for folk kva me gjer her, når me eigentleg ikkje har hatt noko offisielt arbeid. I det sensitive arbeidet må me vere forsiktige med informasjon, men me vonar at det i løpet av året skal være klart eit prosjekt som vil kunne være med og skape velsigning rundt oss.
Midt i fråværet av eit konkret arbeid er det godt å kunne minne seg på den overordna grunnen til at me er her. Og sjølv om det har vore lite utviklingsarbeid å gjere så blomstrar relasjonane me allereie har, og heile tida veks det fram nye.
Spesielt fruktbart har det vore at me no har slutta oss til eit lokalt initiativ for å komme i kontakt med søkande personar. Det finnes nemleg ei open arabisk side på internett som fortel om trua vår. Herifrå er det og ei lenke til Facebook, der ein kan få snakke med kristne systrer og brør. Her bli det og føretatt ei slags sikkerheitsvurdering, kor dei som vert godkjent får moglegheit til å treffe ein truande i nærleiken av der vedkommande bur.
Her er det me kjem inn i bildet og får moglegheit til å treffe lokale personar som me veit er søkande. Til no har dette blant anna ført til at ein mann(«Ahmed») allereie har «gått gjennom vatnet» (jamfør artikkel i Utsyn nr. 5 2019), og det vil sakte men sikkert føre til at me får nye slike moglegheiter. Det det relasjonelle arbeidet vårt er inne i ein ny fase. I tillegg til å følge opp slike som «Ahmed», så sit me med ei kjensle av at me no jobbar med eit verkeleg potensiale for at fleire skal ta det same valet som han.
I tillegg til det som skjer på feltet, så byrjar me også førebuingar for to nye einingar som skal slutte seg til feltet i haust. Det vil seie at dei fyrst og fremst reiser til Frankrike for språklæring, men for oss i Nord-Afrika så kjennes det som ein auke i personalet. Det har også vore årskonferanse, og me var så heldige at me fekk ha med oss nokre av dei for fyrste gong.
Vær med og be for familiane våre, for utviklingsarbeidet og om at fleire kan bli kjent med Jesus og vil la seg disippelgjere.