Nord-Afrikansk festbord

Ein heilag månad

Ramadan er nettopp over. Her i Nord-Afrika ser me at denne månaden har både fine og negative aspekt ved seg. Heldigvis er den og ei flott moglegheit til å dele om trua vår.

Som sikkert mange i Noreg også har fått med seg, er ramadan nettopp over. Det som er den heilage fastemånaden i Islamsk tru byrja i år den 5. mai og slutta den 4. juni.

Ramadan er den niande månaden i den islamske kalenderen, og det var i løpet av dei ti siste dagane denne månaden at profeten skal ha fått si fyrste openbaring.

Ramadan er kanskje mest kjent for at muslimane faster frå soloppgang til solnedgang heile månaden, men det er også andre viktige aspekt ved ramadan som ikkje kjem like klart frem for utanforståande.

Dette med faste er til dømes eit uttrykk for fornekting av seg sjølve og ei takk til Gud for hans leiing og miskunn, samtidig som det å erfare kjensla av svolt også er ein moglegheit for rike til å vise solidaritet med dei fattige.

Ramadan avsluttas med den store Id-festen som kan samanliknast med den kristne jula.

 

Forskjellane forsterkast

I teorien er dette ei flott feiring, men som med blant anna vår eigen julefeiring, vert det for veldig mange i praksis litt annleis enn slik det var meint. Av dei inntrykka det gjev å bu i Nord-Afrika viser det seg blant anna at dei rike «kjøper» seg fri frå å faste fordi dei har økonomi til å ete seg gjennom nettene og jobbe mindre i løpet av dagen.

Dei fattige har ikkje denne moglegheita og må i mange tilfelle jobbe meir, og klare seg med mindre. Det som skulle føre klasseskilja nærmare kvarandre skaper i staden eit enda større gap mellom fattig og rik.

 

Påverkar heile samfunnet

Denne månaden er også vanskelig for oss som ikkje deltek i fasta, fordi også me vert påverka.

Me lyt til dømes framleis betale straumrekningar, noko me gjer på eit kontor nede i byen. Dette kontoret har kortare opningstider gjennom ramadan, men det er framleis like mange som skal betale rekningane sine. Pågangen vert med andre ord større, og i kombinasjon med at folk flest ikkje har drukke eller åte på lenge, vert desse enkle kvardagstinga langt meir utfordrande.

 

Moglegheit til å vitne

Heldigvis er det også ei veldig god tid for å få dele trua vår på. Difor ynskja me at dykk skal vere med og lyfte oss og andre som arbeider i sensitive muslimske områder i bøn. Be om at nærværet vårt her skal få bety ein forskjell for folk slik at menneskjer kan få komme til tru og kunne kjenne seg verkeleg fri.

Utsending i Nord-Afrika