For nokre månadar sidan bestemte bibelgruppa i landsbyen i Vest-Mongolia seg. Dei skulle begynne med gudstenester og verta ei kyrkje.
Hentet fra Prosjektkatalogen 2026.
I følgje den augsburgske vedkjenninga har det nok vore ei kyrkje ei stund her, då evangeliet har vorte lært reint, og sakramenta forvalta rett. No ynskte dei å verta ei kyrkje.
På det lokale språket har ein operert med to ulike formar for kyrkje. «Huskyrkje», som på mange måtar fungerer likt som bibelgrupper og er av det meir lågkyrkjelege slaget, og «kulturkyrkje», som er prega av meir liturgi og skikkar ein kan finne igjen i det meir høgkyrkjelege.
Kva for ei kyrkje var det dei ynskte seg her? Og kvifor?
Etter å ha snakka om dei ulike modellane kom dei fram til at dei ynskte seg ein slags hybrid. Ei kyrkje med eit visst innslag av liturgi, men utan ein prest som gjer gudstenesta til eit one-man-show.
Det at det skulle vera ein førebudd tale var dei veldig tydlege på. Det ville gjera det mykje lettare å invitere inn folk som var framande for trua.
Bibelgruppesettinga var vanskelegare, då alle deltek, og dei resonnerte seg fram til at nokon utan forkunnskap om Bibelen fort kan kjenne seg utanfor og verta flau fordi dei ikkje kan bidra i samtalen. Men song og bøn skulle vera fordelt på andre. Liturgiske ledd skulle stort sett lesast i fellesskap.
Det har absolutt vore nokre spanande sundagar når me har forsøkt oss på gudsteneste i staden for bibelgruppe. Det skjer i heimen til ein familie. Eg har vorte spurd om å tale på gudstenestene så sant eg er i byen, så det er og ei heilt ny utfordring å gå frå samtalebasert undervising til å skulle tale.
Andre sundagen var eine familien, som er godt kjend med Bibelen, til stades, farfaren som nok kjenner litt til kva dei trur på, men sjølv er praktiserande sjaman, og ei tilfeldig «tante» (eldre kvinneleg slektning i eit eller anna ledd). Korleis skal ein tale til eit slikt spenn av folk og tru?
Heldigvis kan me læra av Mika. «Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier, må eg tala.» (2 Krøn 18,13). Det er Guds ord som er virkekraftig og skarpare enn noko tviegga sverd, ikkje mitt. Guds ord er det same om det er ein kristen familie, ein sjaman, eller ein norsk misjonær som høyrer det.
Jesus, han som er ordet, må vera hjørnesteinen og grunnmuren når ein bygger ei kyrkje. Utan det fundamentet vil det ikkje vera ei kyrkje, og «byggverket» vil kollapse. Det er òg ein haug av skikkar og kulturelle ting som kjem i tillegg og skal oppå grunnmuren.
Kva med leiarskap og kyrkjedemokrati? Per no er det ikkje så mange medlemmer i kyrkja at det er eit problem med demokratiet. Alle spørsmål til no har gått an å finne ut av gjennom samtale og litt tid, men leiarskapet presenterer eit anna problem.
Heilaggjeringa er ein prosess som vanlegvis tar tid. I Noreg har me ein kultur som er gjennomsyra av kristentenking. Kva når det ikkje er slik? 1. Timoteusbrev og brevet til Titus er tydlege på kven som kan vera eldste.
Kva då når kulturen er så i opposisjon til Guds ord at ryggmargsrefleksen og til dei som har vore kristne i over ti år er å lyge framføre å fortelje sanninga? Eller når ein er så van med at lovverket berre betyr noko dersom nokon er der og kontrollerer deg? Då tar ein fort dei haldningane med seg i møte med Gud si lov og gløymer at han er alle stader til alle tider. Eller så kan ein fort overkompensere og verta så lovisk med så mange menneskebod at farisearane ville vorte misunte.
Bibelen snakkar også om korleis nådegåvene tener kvarandre i ei kyrkje. Kva skjer då med ei ung og lita kyrkje når evangelisten som i løpet av dei siste åra fekk forkynt evangeliet til fleire av sine vener, som så igjen vart ein del av kyrkja, flyttar til storbyen for å studere? Vil veksten stoppe opp? Vil Gud utruste nokon nye til å ha denne tenesta?
Trass utfordringar og problemstillingar som må tenkast gjennom, er det eit fantastisk arbeid me får lov å vera med på! Ja, både Bibelen og den lokale kulturen må takast på alvor, og me treng visdom til å gå fram på rett måte.
Men kyrkja har aldri vore perfekt og strigla. Likevel, til trass for ei uperfekt kyrkje i sin spede barndom får me her lov å vera med på eit arbeid som set folk i fridom. Me får vera med og gje folk håp. Ikkje berre for dette livet. Me får vera med å bringe dei nyhende som lar dei gå frå død til liv. Denne landsbyen er ein veldig liten og ubetydeleg del av verda. Men me får likevel her lov å verta brukt av Gud for å vinne verda for Kristus.
Skriven av "Jens", utsending i Mongolia.