Ein flanellograf frå Noreg vil no få gjere stor nytte for bornearbeidet i ein by i Vest-Mongolia.
Det heile starta i vår med ein samtale om korleis me kunne få til eit opplegg for borna som går i bibelgruppa her i byen. Desse vert ofte springande rundt og leike, utan at det har blitt eit opplegg retta mot dei.
I denne samtalen vart flanellografen nemnd, og me hadde alle gode minner frå sundagsskulen då me var små, det å få lov til å hjelpe talaren med å plassera ein figur på tavla.
Me sendte ut ei melding der me spurte folk i Noreg om nokon kjende til ein flanellograf som kunne trenga ein ny heim. Det tok ikkje lang tid før det kom inn melding om ein flanellograf som godt kunne flytta til Mongolia. I sommar kom den til Vest-Mongolia, og no i haust har den endeleg blitt nytta i barneopplegget.
Ein laurdag tidlegare denne månaden skulle det vera dåp for fem lokale jenter her på tomta. Under deler av dåpen var borna samla inne hjå oss for å ha borneopplegg, medan ungdommar og vaksne var hjå den andre utsendingen.
Eg hadde avtalt med den eine lokale ungdomsjenta at ho skulle ha ansvaret for borneopplegget denne dagen, og me hadde førebudd oss saman tidlegare ved å velja ein høveleg tekst, finna figurane til teksten og øva på korleis ein skulle nytta dette nye hjelpemiddelet.
Ho var fyrst litt skeptisk til korleis ho skulle klara å nytta flanellografen medan ho fortal, men med oppmuntring og rettleiing frå storesyster hennar vart ho gradvis meir og meir begeistra.
«Kjem dette heilt frå Noreg?», sa ho eine jenta til meg. «Wow, dette kan hjelpa oss så mykje,» var det ei anna som sa.
Teksten ho las frå var Matteus 3,13-17, då Jesus vart døypt. Sjeldan har eg sett at ungane har sete så roleg og fylgt med på det som vart sagt. Store auge i dei små andleta som fekk sjå teksten koma til live på flanellografen.
Møtet vart avslutta med nokre bornesongar, og etterpå var det fleire små hender som ville bort og gjenskapa historia dei nettopp hadde høyrt med figurane på tavla.
Ver gjerne med og be for borne- og ungdomsarbeidet i byen, og for jentene som vart døypte.