Høstkledd Mongolia

Bibelen er kanskje sann?

Denne påstanden/spørsmålet kom frå ein frisør eg var til i sommar. Alle dei andre frisørane eg har vore til tidlegare her i byen hadde tatt ferie og reist på landsbygda ...

Langhåra som ein hippie gjekk eg på leit etter hjelp og kom til slutt over denne eine som var open. Eller heilt open var den ikkje. Eg var på veg tilbake til bilen etter å ha kjend på den låste døra då frisøren kom køyrande og nøda meg til å bli. Ho skulle opne no, altså!

Eit par damer gjekk også inn for å sjå på fasilitetane og avgjerda om dette var bra nok til å stelle håret deira før eit bryllaup dei skulle i. Etter fem minuttar hadde dei sett nok og gjekk ubestemte for å sjå etter andre frisørar. Som sannsynlegvis var på landsbygda, alle saman.

 

Frå småprat til djup prat

I det døra lukka seg etter dei, kom spørsmålsflaumen: Kor eg var frå? (Noreg, ja, eit land i Europa). Kva språk snakka eg? Engelsk? (Norsk, sjølv om eg kan engelsk og litt av eit par av dei lokale språka). Kor mange born eg hadde? (Ingen, ugift).

Lettare sjokkert over at eg kunne vera i slutten av tredveåra utan å vera gift, fekk ho samla seg til det ho eigentleg ville snakke om. Kva tru hadde ein i Noreg?

«Tja, i våre dagar er det mange religionar til stades i Noreg, men tradisjonelt står kristendomen sterkt, eg sjølv er frå ein kristen familie og er kristen.»

Familietradisjonar står sterkt her, så greitt å få med at eg ikkje er ein så stor rebell, sjølv om eg kunne likna ein hippielærling der eg sat.

   

Eit møte med Bibelen

«Eg trur at Bibelen kanskje er sann?» Ja, det kunne eg også vera heilt einig i, men eg måtte jo spørje korleis ho hadde kome fram til det. Eg trudde jo eg kjente til alle som var kristne i byen der.

«Det er ingen kristne i byen her. Eg kjem frå ein landsby i nabofylket, og der var det ei lita kyrkje der ein koreansk mann las Bibelen med oss, men her er det ingen kristne.»

Eg måtte jo sei det som det var, at eg kjende til nokre kristne i byen her, og dersom ho ynskte å treffe dei, skulle eg med glede formidle kontakten. Ho svarte unnvikande på det, så eg tenkte det kunne vera greitt å ikkje gå for hardt på og spurde om ho hadde ein bibel no?

«Nei, no har eg ikkje noko bibel, er det mogleg å få tak i det her?» Eg har fleire, og du kan få ein av meg, svara eg. «Oi, då må eg først spørje mannen min om han tenker det er greitt, men han er litt hard, så eg veit ikkje kva han vil sei.»

  

Vi treng fleire her

På grunn av kulturen her vil det vera umogleg for meg som er mann å bygge ein relasjon med denne dama der me kunne ha snakka vidare om tru og slikt. Eg har nemnd ho for ei lokal kristen dame, men slik eg forstod ho, var ho ikkje så interessert i å snakke om tru med ei som kjem frå sitt eige folk.

Og så har me diverre ingen kvinnelege misjonærar som har vore lenge nok ute til å kunne bygge denne relasjonen vidare og vera med å styrka denne tanken om at Bibelen er kanskje sann. For Bibelen er sann!

I Mongolia, som mange andre stader, treng me fleire som er viljuge til å kome ut og tene over lang tid. Språket er såpass vanskeleg at ein må rekne med fire-fem år læring før ein kan begynne å gjera noko effektivt for å nå folk med dei gode nyhendene. Og så må ein bygge ein relasjon som har vist seg sterk nok til at ein er til å stole på i det ein seier.

Er du som les dette viljug til å bruke åravis av livet på dette, og kallar Gud deg, så kom. Hausten er moden, men arbeidarane få. Ja, det kan vera krevjande. Men så absolutt verdt det.

Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv. (Mark 10,29-30)