ungGlobal ved jernbanen

Håp med forankring

Kristent håp er ikkje berre ein draum, det er eit håp som kan bera oss.

Anne Marte Vaage er elev på ungGlobal-linja på Fjellhaug bibelskule, og har budd i Indonesia dei siste 4 månadene. Her er nokre refleksjonar etter tida i ein ny kultur:  

 

Norsk og indonesisk håp

Eg er van til å håpe på ei kvit jul, ein bra dag på skulen eller på lite kø på butikken. Mine fyrste assosiasjonar til omgrepet blir fort audmjuka i møte med lokale indonesarar som håpar på mat på bordet den komande veka, at barna skal få gå på skulen og ein betre betalt jobb som vaksne.

Eg hugsar særleg ein familie eg fekk besøkja medan eg var i Medan. Det var lett å sjå at dei ikkje var rike, men likevel insisterte dei på at det einaste dei ynskja seg var forbøn. Dei ba oss be om at dei og barna deira skulle halde seg nær Gud og aldri falle frå trua.

Sjølv om kvardagen kunne vera krevjande, levde dei i trua og håpet på at Gud ville vera med dei og at Jesu død på korset ein dag ville gje dei tilgang til eit evig liv.

 

Håp som forventning

Håpet dei uttrykte var ikkje eit ynskje om noko som hadde vore fint å kanskje få, eller eit sjansespel. Håpet deira var forankra i trua på at Guds ord og hans lovnader er sanne og evige.

I livet mitt har eg ikkje lent meg på håp på denne måten. I Noreg, landet kor me har alt me treng, er håpet blitt synonymt med eit ynskje eller ein draum. Bibelen fortel derimot om håp synonymt med ei forventning eller ein framtidig realitet.

Familien eg besøkte demonstrerte at å håpa ikkje er noko me gjer, håp er noko me har. Håpet vårt er forankra i Gud som er trufast. Vårt framtidige håp er forankra i det Kristus allereie har gjort for oss.

 

Enkel bøn

I løpet av opphaldet mitt i Indonesia har eg også fått besøkja område der tradisjonell misjonsverksemd er forbode. Håpet har her blitt særleg viktig for meg. Få av dei eg passerer i gatene har høyrt dei gode nyheitene eller fått moglegheita til å kjenne Jesus. Hjarta mitt brest over denne realiteten, på enkelte tidspunkt har tårene rent og mi enkle bøn kan opplevast så enormt ubetydeleg blant nauda rundt meg. Håpet er det som ber meg i trua på at Guds plan og hans timing alltid er betre og meir fullkommen enn min. (Forkynnaren 3,11)

I møte med både den materielle nauda og det åndelege mørkret eg har møtt i Indonesia har håp gått frå å vera eit omgrep eg sjeldan tenkte over, til å bli ekstremt viktig for meg. Gjennom opphaldet mitt i Indonesia har Gud vist meg både trøst i håpet, og også den tilliten og sikkerheita som håpet vårt er forankra i. Me kan med sikkerheit vite at «håpet gjer ikkje til skamme» (Romarane 5,5)

 

Utsending i Indonesia

Område