På veg for å gjete småfeet

Livet i Khovd

Denne våren har me fått bli betre kjent med ein lokal familie som gjerne vil lære og vise oss sitt Mongolia. Det har ført til spanande og lærerike opplevingar.

Potetsetjing

Maiken og eg starta våren med å setje poteter med ein lokal familie som igjennom dei siste månadane har betydd mykje for vår trivsel. Til trass for mine manglande språkkunnskapar kan mykje formidlast.

Familien på mor, far og fem born bur rett ved oss og kjem ofte innom tomta vår for å seie hei, spele litt fotball eller bordtennis. Då me forstod at dei skulle setje poteter, spurde me om me fekk vera med. Dei var så glade for at Maiken og eg ville hjelpe med noko så kvardagsleg.

Dagen var varm, og det var godt med te, sauekjøt og leik i pausane. I tillegg fekk me moglegheita til å prate saman i tryggje rammar. Det var tid til tull og latter. Kven kan leggje setjepoteten raskast på plass? Kven grev raskast?

God stemning i potetåkeren
Saman om arbeidet:Det var god stemning i potetåkeren Maiken Hadberg

Setje opp ger

Potetsetjinga vart opninga for fleire invitasjonar inn i deira daglegliv. Nokre veker seinare fekk me kome å setje opp ein ger, tradisjonelt mongolsk hus, saman med dei. Det var tid til å sjå på kyrne deira, leike og bytte engelske ord mot mongolske.

Ettermiddagen vart avslutta med ein kopp te. Samtalar og relasjonsbygging skjer gjerne over ein kopp te. Samspelet mellom borna og foreldrane er førebiletleg. Måten eldstejenta lener seg på farens arm medan han fortel ein historie, speglar ein trygg og god heim. Korleis eldste sonen tar den yngste på skuldrene når han gret, medan mora serverer te med sine varme smil.

Me går derifrå utpå kvelden med ein open invitasjon til å overnatte i geren til sommaren.

Alle hjelper til for å få opp geren
Alle mann i arbeid:Alle hjelper til for å få geren opp Maiken Hadberg

Pinnekjøt på ein onsdag

Neste gong me møter familien er me med dei ut på landsbygda, der dei to eldste sønene hjelper til med gjetinga av dyra hos onkelen sin. Her skal me få sjå korleis dei lev som nomadar.

Me blir møtt med varme helsingar frå slekta, og dei to gutane vil gjerne vise oss alt. Hestane sine, korleis dei ropar på småfeet, kvar dei finn mat og vatn. Me får prøve å ri hestane deira og halde geitekjea. Dei får seg ein god latter då eg skal sale av hesten og den nesten stikk av frå meg. Heldigvis er eldstemann rask og dyktig med hestane og hentar den att.

Etter litt meir omvising, leik og latter, er det tid for mat. Alle set seg på golvet rundt det lave bordet og lukkar augo. Far ber ei bordbøn, og takkar for mat og fellesskap.

Me får servert pinnekjøt ein heilt vanleg onsdag. Alle et frå det same fatet og praten sit laust. Eg skjønar svært lite av kva dei seier, men eg forstår at stemninga og relasjonane er gode, og det får meg til å føle meg velkommen.

Så i desse tider med mykje usikkerheit vil eg takke for gode venner og for tida til å vera til stades her eg er.

Sauekjøt i ger
Pinnekjøt på ein onsdag:Me var samla til eit godt måltid sauekjøt Maiken Hadberg

Rebecca Aarseth

Utsending