Venninner i Peru

Gud gjer meir enn vi forstår

Tida ein tenkte var langt vekke, tok deg att, og plutseleg så sit eg ikkje i Arequipa, Sør i Peru, men på karantenehotell i Noreg. Sjølv om corona har endra livet våre, har tida i Peru endra meg meir.

Utgangspunktet

Då eg for snart 4 år sidan sat på flyet til Peru, ilag med 4 misjonærkollegaer, var tankane mange. Eg skulle lære eit nytt språk, finne nye vener, løyse nye oppgåver og bli kjend med ein ny kultur. Det var slitsomt å lære eit nytt språk. Det var tungt å finne nye vener, då ein måtte snakke spansk med dei, og ein forstod som regel ikkje kvifor folk lo. Det var mange frustrasjonar der ein sat å venta på avtalen ein hadde klokka 14, men klokka blei 16 før det skjedde noko. Tolmod. Ja, det trong eg. For ikkje å snakke om trafikken. Grusom. I allefall i starten.

Id-kort og sertifikat
Peruansk:Gleda var stor då eg i november 2017 fekk peruansk id-kort og sertifikat. Privat

 

Flytsona

Så kjem ein liksom inn i flyten. Ein blir mindre sliten av å tenke på spansk, og ein berre snakkar. Ein får kontakt med menneske i arbeidssituasjonar, og ein får vener på fritida. Ein inviterer på besøk og reiser på besøk. Ein løyser oppgåver og finn løysingar på problema. Og noko av det beste; ein ler med på vitsane som blir sagt, og slenger på ein liten vits sjølv.

Eg ser også korleis Gud har brukt tenesta til å tene Han og andre menneske, til Hans ære. Ein tenker ikkje på tida,  der ein ikkje lenger skal vere ilag med alle menneska ein har blitt kjent med. Ein følar at ein er der ein skal vere, og ein nyt det å kunne bruke tid med menneske. Plutseleg er det ikkje berre du som ventar på andre, men andre må også vente på deg. Plutseleg er det ikkje alle dei andre som kjørar slik det passar seg, du gjer det same.

På skulebesøk
Skulebesøk:Eit av mange skulebesøk, i arbeidet om å utvikle kristendomsfaget, her i Crucero 2019. Privat

 

Avskil og håp

Den tida som virka så langt unna, kom plutseleg så tett på. Ein dobbeltsjekkar kontrakten og ser at det står «til 2021». What? Det virka jo som eg nett kom ut.

Dei siste vekene har vore full av velsigning. Eg har fått ha ulike besøk av venninner, fått reist til ulike stader, og vore ute å ete med venner. Eg har nytt kvart minutt, fordi eg visste at det vil bli lenge til neste gong. Også ungdommane i kyrkja laga til ei samling, for å sei «hasta pronto» (på snarleg gjensyn). Det har vore tårer. Hjartet har hatt det vondt. Men midt i alt, ser eg at grunnen til at det gjer vondt, er jo fordi Gud har velsigna. Gud har brukt meg på måtar eg ikkje visste, Han har velsigna andre, gjennom meg, utan at eg har tenkt på det. Det kallar eg nåde.  Han har gjort så mykje meir enn eg kan forstå. Av Hans nåde, har flerie ringt for å seie farvel, samtidig som dei grin. Eg takkar Gud for internett og moglegheit for vidare virtuell kontakt.

Tradisjonell drakt Peru
Arequipeña:Frå Pastorfamilien i kyrkja fekk eg i avskilsgåve ei tradisjonell drakt frå Colca, Arequipa. Den er med til Noreg, klar til bruk. Privat

No ventar livet i Noreg. Eg fekk heldigvis med meg dei 14 gåvene eg har fått av vener, og kan ikkje anna enn å takke. Takke for smerte, takke for saknet,  takke for det peruanske folk, som endra det litt kalde norske hjartet, og velsigna meg med tillit og sitt varme venskap. Hasta pronto!

«Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn det vi bed om og skjønar..» Ef. 3,20.

 

Beste helsing

Ines (Ingebjørg) Martinussen.