Ungdommer

Sterkare saman for å vinne fleire for Kristus

Ønsket for arbeidet ein startar er alltid at det skal gå vidare utan støtte utanfrå. Det siste året har det vakse fram mange lokale initiativ i kyrkjene her i Peru, der arbeidet går vidare og dei nasjonale tek initiativ til nytt arbeid.

Hentet fra Prosjektkatalogen 2025.

Misjonssambandet kom til Peru i 1978, og arbeidet har resultert i ei sjølvstendig nasjonal kyrkje. No ser ein lokale initiativ vekse fram. Kva er det som gjer at dette skjer? Og kva har det å seie for kyrkja? Me tok oss ein prat med fleire av leiarane for det ulike arbeidet blant barn, tenåringar, ungdom, unge vaksne og ektefelle.

  

Samle på tvers av kyrkjene

Paola Vargas Laime er leiar for arbeidet blant ungdom og unge vaksne i Arequipa. Ho brenn for å gå saman med og oppmuntre ungdom i Arequipa og hjelpe dei til å bli styrkte i trua.

– Det er ofte få ungdommar og unge vaksne i kvar kyrkje, og me jobbar difor no for å samle alle på tvers av kyrkjer. Det kan vere lite motiverande å gå i kyrkja og ikkje ha vener på same alder. Det er viktig å ha kristne vener for å halde fram som kristne, fortel ho.

Ein ser no resultat av arbeidet som blir drive. Fleire ungdomar frå andre byar, som no bur i Arequipa, har funne seg til rette i arbeidet deira, sjølv om dei ikkje har greidd å finne ei lokalkyrkje å gå i. Dei har òg fått sett at ungdomane har blitt betre på å dele trua si, at det er stor trivsel blant dei som møtes, og at mange har fått nye kristne vener.

   

Vinne ekteskap for Kristus

Ei anna som har sett kor sant det er at ein er sterkare saman, er Judith Ccama. Saman med ektemannen Jose Hanco og eit anna ektepar hadde dei eit ynskje om å samle yngre ektepar på tvers av kyrkjer for å støtte og oppmuntre kvarandre i dei ulike utfordringane ein møter på i ekteskapet, samt å bli kjent med Guds vilje for ekteskapet.

Gruppa har dei valt å kalle «kristne lutherske ekteskap», og Judith fortel at eit hovudmål for dei er å vinne fleire ektepar for Kristus og at fleire ektepar skal stille seg til disposisjon for det Gud ynskjer å bruke dei til.

– Mange gifter seg utan å ha noko særleg fundament og ender fort opp med å gå frå kvarandre. For dei er det difor viktig å støtte og oppmuntre kvarandre til å ha Gud som grunnvoll i ekteskapet. Det er viktig å jobbe med yngre ektepar og vise dei at det viktigaste i ekteskapet er å ha Gud som fundament, fortel Judith.

Ekteskapsgruppe
Privat

Prioriterer dei unge

Ei anna dame som ynskjer å tene Gud og bidra til eit betre arbeid blant barn og tenåringar, er Estefani Nuñez. Ho er frivillig nasjonal leiar for barne- og tenåringsarbeidet. Ho ynskjer å sette arbeidet blant barn og tenåringar først og jobbar for at dette òg skal bli ei prioritert gruppe. Ho fortel at mange gangar blir det berre arrangert leir på sommaren, og så er det ikkje noko meir. 

– Eg ynskjer å få plass eit arbeid som består uavhengig av kven som har ansvar eller kva som måtte skje. Det er difor viktig at det nasjonale barne- og ungdomsarbeidet består heile året, seier Nuñez.  

Ho jobbar difor aktivt med å sameine regionane og jobbe betre saman. Nuñez ynskjer no å ferdigstille ein del materiale som kan bli brukt i opplæringa, og som kan vere kyrkja sitt eige materiale. Eit anna ønske ho har er å kunne få tenåringane meir med og kunne lage til noko betre for dei. Ho har mange ynskjer og draumar for arbeidet og trur Gud vil vere med og legge til rette for arbeidet. Nuñez ynskjer å tene Gud og gjere dette arbeidet for Han.

Felles for dei tre damene er at dei har sett kor viktig det er å arbeide på tvers av lokale kyrkjer og regionar. Dei ynskjer å jobbe saman for då er dei sterkare, og saman kan dei vinne fleire for Kristus. 

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant