
Me hadde vore på framsyning i barnehagen på kveldstid, det var mørkt ute og me var på veg heim dei få kvartala til huset vårt. Bak meg kjem det ei dame som roper «Hallo».
Eg snur meg, kjenner ho ikkje att, tenker det må vere andre enn meg ho roper til, og går så vidare. «Hallo» roper ho igjen. Vel, ok. «Hei» svarer eg tilbake med spørjande blikk. «Hugsar du oss? Det er oss frå parken» seier den eldre dama med sine to barnebarn som kjem gåande etter oss. Etter kvart som ho kjem nærmare klarer eg å sjå at jo, eg har jo møtt dei før. Me hadde leika saman for nokre månadar sidan i parken.
Det er ikkje første gang det skjer meg. Naboar som seier hei, og som eg ikkje kjenner. Folk som kjenner att barna og seier hei. Dei fleste i nabolaget veit at me bur i det raude huset på hjørnet. Sjølv etter snart ni år i Peru er det lett å gløyme at det er enkelt å få auge på meg og familien min.
Det er alltid ein liten oppvekkar når folk kjenner oss att der me går rundt. Og det får meg alltid til å hugse på at folk legg særleg merke til det me gjer, for det er jo så lett å kjenne oss att og hugse oss.
Og så er det jo fint å bli kjent att viss ein er ein god versjon av seg sjølv. Men viss ikkje? Strategidokumentet til Misjonssambandet har eit punkt som særleg utfordrar meg. Det er eit punkt der om å elske sin neste, at me ynskjer å vise omsorg for menneska rundt oss. Her i Sør-Amerika har me konkretisert det til at me ynskjer å vise omtanke og hjelpe menneska me treff på gjennom ord og handling.
Eg vil jo gjerne vere ei som folk tenker viser nestekjærleik, ei som bryr seg om menneska i nabolaget. Så er det òg ofte slik at som utsendt til ein annan kultur så er det mykje som tærer på og som frustrerer. Og eg kunne vist til mange eksempel frå eige liv der eg ikkje har elska menneska eg har rundt meg her ute.
Der eg har blitt rasande på ho som slepp hunden sin laus i parken og som går der ifrå. På han som køyrde alt han kunne forbi meg i trafikken berre for å stoppe rett framfor meg. På dei som ikkje sa sanninga. Men så skal eg faktisk elske og bry meg om alle desse òg – i ord og gjerning. Ikkje gjennom å skjelle dei ut, men ved å elske dei.
Det at eg blir kjent att på gata gjer at dei tinga eg gjer blir forsterka. Det kan då bli slik at dei hugsar ho kvite på hjørnet som er triveleg – eller at dei snakkar om at ein må passe seg for ho kvite på hjørnet, for ho er hissig.
Eg vil difor prøve, og har heldigvis god hjelp ovanifrå, å vere ei som blir hugsa for å elske sine medmenneske, sjølv når det ikkje freistar.