Åpning av nye klasserom på Jesus Maestro i Juliaca

Nye klasserom og fleire elevar

Papirdryss, pynt og ponchoar - endeleg var det tid for opning av nye klasserom på skulen Martin Lutero i Juliaca.

Det har lenge vore eit ønske frå samarbeidskyrkja til Misjonssambandet, IEL-P at det skulle byggast fleire nye klasserom på skulen Martin Lutero i Juliaca.

Skulen blei starta i 2007 og har blitt ein populær skule for nærmiljøet i Juliaca. Den har blitt så populær at kvart år må dei seie nei til foreldre som ynskjer at barna deira skal gå der. Så kva kan ein gjere med det?

  

Foreldre bidreg

Heldigvis var ikkje skulen «ferdig utbygga», og me fekk i år endeleg moglegheit til å bygge fem nye klasserom i tredje etasje på skulen. Båe skulen sjølv, foreldra på skulen og skulemyndigheitene i Juliaca har insistert på dette.

Me som misjon har fått vore med å bidra økonomisk til bygginga, men det var gledeleg å sjå at foreldra sjølve samt IEL-P har bidrege økonomisk og med arbeidskraft. Foreldra på skulen syns det er så bra å ha barna sine der at dei ynskjer å bidra slik at fleire foreldre kan ha barna sine der.

 

542 elevar

Det var difor duka for opning av dei nye klasseroma. Det blei overrekka ponchoar, glitter og æresmedaljar for arbeidet med å ha bygga klasserom og bidrege til at fleire barn og ungdom kan få gå der.

Så no kan me glede oss over at 542 barn og unge får god skulegang og samtidig høyre om Jesus på skulen Martin Lutero i Juliaca.

Skoleledelse og gjester ved åpningen av nye klasserom på Martin Lutero i Juliaca
Privat
Åpning av nye klasserom Martin Lutero, Juliaca
Privat
Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant