Kristusstatue

Få misjonærar, men spanande arbeid

Peru og Bolivia preges av politisk uro, men misjonærene jobber for å stadig utvide arbeidet. Her er siste rapport.

─ Kva er siste nytt frå Sør-Amerika?

─ Situasjonen i Peru og Bolivia er roleg, men det er som regel alltid litt politisk uro. I Bolivia pågår det rettsak mot førre president, og i Peru prøver dei å kaste noverande president. Dei er ikkje nådig mot presidentane sine. Elles så er det litt streik og blokkeringar i begge land, men elles roleg. Sjølv om me framleis går rundt med munnbind, merker me heldigvis ikkje så mykje til COVID-19, og aktivitetane byrjar å ta seg opp igjen. 

─ Kva er dei største utfordringane for organisasjonens arbeid i Sør-Amerika?   

─ I Sør-Amerika er me no brått blitt veldig få misjonærar, frå august av vil me berre vere to misjonærar i Peru og tre misjonærar i Bolivia. Dette fører til at me ikkje kan bidra like mykje som me ynskjer inn mot dei nasjonale kyrkjene. Det er framleis behov for misjonærar!

─ Kva er planane framover?  

Sjølv om me er få misjonærar i Sør-Amerika, er det likevel mykje spanande som skjer. Eg kan nemne omlegging av det teologiske seminaret SETELA (som forhåpentlegvis blir ferdig i løpet av hausten), eksport av kaffi saman med den nasjonale kyrkja i Peru (IEL-P) og nybrottsarbeid saman med den nasjonale kyrkja (ICEL) i Bolivia. Det er givande at me får stå i så meiningsfulle oppgåver! Siste nytt for meg er å vere tilbake i jobb etter å ha vore i mammaperm, så no blir det kjekt å komme tilbake til oppgåvene og utfordringane som ventar.

─ Har du ei oppmoding til folk heime i Norge?   

─ Eg vil oppmode til bøn for arbeidet i Sør-Amerika. Kyrkja er framleis lita og treng framleis at me går saman med dei. Be om at nye misjonærar må kome ut!

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant