Utsikt over fjellandskap

Knytta saman i ei krevjande tid

Når alt stengjer, blir skilnadane fort store. 169 dagar i karantene blei særs vanskeleg for mange rundt oss. Men kyrkja har òg opplevd å kome nærmare kvarandre.

Det har no gått om lag eit halvt år sidan det blei erklært unntakstilstand i Peru og Bolivia. Og på den tida har me gått frå å vere 13 til å vere 4 misjonærar på felt. Håpet er å få misjonærane tilbake i 2021.

 

Mange har slitt

I Sør-Amerika har situasjonen vore krevjande og den er framleis krevjande. Me som har vore på felt heile tida, har fått sett korleis koronaviruset har påverka samfunnet og korleis det held fram med å påverke samfunnet. Korona har ikkje berre vore noko hypotetisk som me les om i avisene, men det har blitt noko som i stor grad pregar kvardagen.

Vener og kollegaar har vore sjuke, fleire har mista foreldra sine fordi det har ikkje vore mogleg å få hjelp på sjukehusa, og mange slit økonomisk som eit resultat av ein karantene på ca. eit halvt år. Mange er òg redde for korleis ting skal bli vidare.

 

169 dagar i relativ luksus

Me som er i Arequipa, Peru har sitte i karantene i 169 dagar og fekk sleppe ut av huset den 1.september. For oss som har sitte i karantene har det vore krevjande å ikkje ha fridom. Å ikkje kunne gå fritt ute, ikkje treffe vener, ikkje få gå på kontoret, ikkje få sykle eller gjere noko utanfor huset.

Men me har hatt alt me treng. Me har hatt straum, mat, lønn og har ikkje måtte uroe oss for framtida. Sjølv om det har vore krevjande for oss å sitte innesperra så lenge, så kan ein likevel seie at me på mange måtar har sitte i ein luksuskarantene i forhold til mange andre me kjenner.

Skilnadane blir store når det er vanskelege tider.

Marianne og Svein Harald klar for sykling og motorsykling
I friluft:Marianne og Svein Harald Lindtjørn klar for sykling og motorsykling. Marianne Lindtjørn

Brødre og søstre

Sjølv om det har vore og er krevjande tider for landa så har det òg skjedd positive ting. Kyrkja i Peru og Bolivia har blitt flinke på å sende andaktar, undervisning og gudstenester på nett. Dei har hatt nasjonale samlingar på nett og seier sjølve at på tross av at ting har vore vanskelege så har dei òg kjent på at dei har kome nærmare som brødre og søstre.

 

Be om at vi får peike på Jesus

Det byrjar no å opne opp litt etter litt i Peru og Bolivia, sjølv om det framleis er ein del smitte. Eg vil takke alle som har stått med oss i bønn det siste halvåret. Me har fått kjenne at me har ein Gud som ser oss og som vernar om oss. Og så vil eg oppmode til bønn for ICEL (kyrkja i Bolivia), IEL-P (kyrkja i Peru) og oss misjonærar. At me må få lov til å peike på Jesus midt i denne vanskelege tida.

 

 

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant